Søndagstur i Isfjordsfjella (27.10.2013)

Written by JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Duration 5h 37min
Distance 18.5km
Vertical meters 1,990m
GPS
Ascents Litle Blåtind (1,160m) 27.10.2013
Store Blåtind (1,180m) 27.10.2013
Galtåtind (1,124m) 27.10.2013
Loftskardtind nord (1,161m) 27.10.2013
Loftskartinden (1,191m) 27.10.2013
Måsvasstind (1,204m) 27.10.2013
Såta (1,131m) 27.10.2013
Visits of other PBEs Breiviksetra (515m) 27.10.2013
Loftskarsætra (465m) 27.10.2013

Eg starta ved skytebana i Isfjorden og jogga rolig oppover mot Loftskardsætra. Dette er ei merka DNT-rute til Måsvassbu via Loftskaret, so her er det lett å finne fram. Då eg kom til sætra såg eg at det var lite kratt oppover, og bestemte meg for å gå forlate stien og gå rett mot Galtåtind. Oppe på toppen blåste det litt, men temperaturen var veldig fin for årstida. Egga vidare mot Loftskartind var fin og totalt uproblematisk. Vidare gjekk turen ned til Knollskaret og rett opp mot Måsvasstind, som vart høgste punktet på turen. Etter eit par ned- og oppturer til stod eg til slutt på dagens siste topp, Såta. Dette var den spissaste, men også denne var heilt uproblematisk å kome seg på. Kortaste veg tilbake til sivilisasjonen var no via Breidvikvatnet- og sætra, og terrenget dit var lettgått. Nede i Breivika kom min snille samboar og henta meg, og etterpå smakte det veldig godt med lammesteik!

User comments

  • -
    avatar

    Solid

    Written by oddis 27.10.2013 18:55

    Solid fangst :) Hvor gikk du fra?

    • -
      avatar

      Sv: Solid

      Written by JPV100 27.10.2013 19:02

      Har lagt ut gps-spor no, og bilder og rapport er på veg :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.