Kinsedalen (27.05.2026)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 16min
Entfernung 12,6km
Höhenmeter 880m
GPS
Besteigungen Kupenovi (995m) 27.05.2026 15:07
Storaskornosi (1.052m) 27.05.2026 15:39
Besuche anderer PBE Kinsedalen p-plass (375m) 27.05.2026 16:56

Fin tur til to toppar i Luster kommune. Bil på ferje frå Solvorn kl. 12. Nydeleg overfart. Frå Ornes vidare ut på sørsida ca. 6 km, så bratt opp og inn Kinsedalen på grusveg. Det var laga til og skilta "Parkering" like før gards-området. Fin skogsveg knapt 2 km, så på merka sti som går over til Ornes. Kom til Nyestølen, heldt fram på sti så tett inntil fyrste topp som råd. Dette var eit godt val, og eg eg fann trakk og små skårer opp på ryggen. Flott utsikt frå varden på Kupenovi. Såg på høgdekvoter, og kom til at det burde vere mogleg å sleppe med ned aust om vatnet. Litt bratt eit kort strekk, men ikkje vanskeleg. Hjorten hadde laga veg, og like etter vatnet var det heil sti der eg gikk skrått mot Storaskarnosi. Endra retninga der eg såg det var greitt å komme opp. Toppen her var ikkje markert. Men det er stor varde ca. 100 meter lenger ned, og der finn ein den flotte utsikta ut Lustrafjorden, mot Solvorn, Molden, breaar med meir.

Tilbake mot Solvorn.
Tilbake mot Solvorn.
Ornes
Ornes
Nyestølen.
Nyestølen.
Frå Kupenovi mot Molden og Nes.
Frå Kupenovi mot Molden og Nes.
Tilbake mot Kupenovi.
Tilbake mot Kupenovi.
Mot Storaskarnosi.
Mot Storaskarnosi.
Solvorn og Hafslovatnet.
Solvorn og Hafslovatnet.
Store Haugmelen.
Store Haugmelen.
Mot Kupenovi.
Mot Kupenovi.
Dalastølen.
Dalastølen.
Kveken. Svært flott støl.
Kveken. Svært flott støl.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.