Kinsedalen (27.05.2026)
Written by Esone (Einar Moen)
| Ascents | Kupenovi (995m) | 27.05.2026 15:07 |
|---|---|---|
| Storaskornosi (1,052m) | 27.05.2026 15:39 | |
| Visits of other PBEs | Kinsedalen p-plass (375m) | 27.05.2026 16:56 |
Fin tur til to toppar i Luster kommune. Bil på ferje frå Solvorn kl. 12. Nydeleg overfart. Frå Ornes vidare ut på sørsida ca. 6 km, så bratt opp og inn Kinsedalen på grusveg. Det var laga til og skilta "Parkering" like før gards-området. Fin skogsveg knapt 2 km, så på merka sti som går over til Ornes. Kom til Nyestølen, heldt fram på sti så tett inntil fyrste topp som råd. Dette var eit godt val, og eg eg fann trakk og små skorer opp på ryggen. Flott utsikt frå varden på Kupenovi. Såg på høgdekvoter, og kom til at det burde vere mogleg å sleppe meg ned aust om vatnet. Litt bratt eit kort strekk, men ikkje vanskeleg. Hjorten hadde laga veg, og like etter vatnet var det heil sti der eg gikk skrått mot Storaskarnosi. Endra retninga der eg såg det var greitt å komme opp. Toppen her var ikkje markert. Men det er stor varde ca. 100 meter lenger ned, og der finn ein den flotte utsikta ut Lustrafjorden, mot Solvorn, Molden, breaar med meir.














User comments