Smørlifjellet og Binnhovdknatten (09.11.2025)
Skrevet av Esone (Einar Moen)
| Bestigninger | Fjeslifjellet (1098moh) | 09.11.2025 12:30 |
|---|---|---|
| Svartetjernknatten (1099moh) | 09.11.2025 12:40 | |
| Smørlifjellet (1160moh) | 09.11.2025 13:27 | |
| Binnhovdknatten (1165moh) | 09.11.2025 14:13 | |
| Andre besøkte PBE'er | Smørli stidele 3 (1103moh) | 09.11.2025 12:54 |
| Binnhovdknatten parkering Fjesli (995moh) | 09.11.2025 15:02 |
Tur i Nord Aurdal kommune i dag, for å plukke eit par Valdres-toppar. Meldt sol austafor, og snøen har trekt ned på toppane rundt oss i Indre Sogn. Kjekt å gå i dette vidde-landskapet. Fin utsikt til Jotunheimen, sjølv om den er litt langt i frå. Kort nok til at ein får inntrykk av at snøen verkeleg har lagt seg til i høgda. Gikk i frå stølsområde Pilset, som ligg 13 km opp frå tettstaden Leira. Vel to timar å køyre frå Lærdal. I dag kom ikkje kartet opp på appen til Peakbook. Sette den difor ikkje på før det tikka inn ein liten topp. Forstod då at det kun var visninga av kart som ikkje fungerte. Leita litt etter startpunktet, men etter 100 meter bortover Fjeslivegen, gikk det trakk rett opp på ein haug. Sti på heile turen. Ved bruk av Ut-appen, ser ein stiane, slik at ein kan vurdere rute i stikryssa, som det var mange av her. På toppen Smørlifjellet var det nydeleg utsikt i alle retningar. Ei sikteskive viste namna på alle store toppar rundt om. Gikk tilbake litt på same stien, og så sti i retning Binnhovdknatten. Vel 4 km i lett terreng mellom toppane. Ei lita kneit opp til toppen. På retur til stølen og parkeringa, valde eg stien på austsida av vatnet, og kom då inn på veg ved hyttefeltet.












User comments