Smørlifjellet og Binnhovdknatten (09.11.2025)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 36min
Entfernung 11,2km
Höhenmeter 447m
GPS
Besteigungen Fjeslifjellet (1.098m) 09.11.2025 12:30
Svartetjernknatten (1.099m) 09.11.2025 12:40
Smørlifjellet (1.160m) 09.11.2025 13:27
Binnhovdknatten (1.165m) 09.11.2025 14:13
Besuche anderer PBE Smørli stidele 3 (1.103m) 09.11.2025 12:54
Binnhovdknatten parkering Fjesli (995m) 09.11.2025 15:02

Tur i Nord Aurdal kommune i dag, for å plukke eit par Valdres-toppar. Meldt sol austafor, og snøen har trekt ned på toppane rundt oss i Indre Sogn. Kjekt å gå i dette vidde-landskapet. Fin utsikt til Jotunheimen, sjølv om den er litt langt i frå. Kort nok til at ein får inntrykk av at snøen verkeleg har lagt seg til i høgda. Gikk i frå stølsområde Pilset, som ligg 13 km opp frå tettstaden Leira. Vel to timar å køyre frå Lærdal. I dag kom ikkje kartet opp på appen til Peakbook. Sette den difor ikkje på før det tikka inn ein liten topp. Forstod då at det kun var visninga av kart som ikkje fungerte. Leita litt etter startpunktet, men etter 100 meter bortover Fjeslivegen, gikk det trakk rett opp på ein haug. Sti på heile turen. Ved bruk av Ut-appen, ser ein stiane, slik at ein kan vurdere rute i stikryssa, som det var mange av her. På toppen Smørlifjellet var det nydeleg utsikt i alle retningar. Ei sikteskive viste namna på alle store toppar rundt om. Gikk tilbake litt på same stien, og så sti i retning Binnhovdknatten. Vel 4 km i lett terreng mellom toppane. Ei lita kneit opp til toppen. På retur til stølen og parkeringa, valde eg stien på austsida av vatnet, og kom då inn på veg ved hyttefeltet.

Steinknatten, som eg fyrst tenkte var Smørlifjellet,
Steinknatten, som eg fyrst tenkte var Smørlifjellet,
Mot toppen Smørlifjellet.
Mot toppen Smørlifjellet.
Jotunheimen i kvitt langt der borte mellom Rundemellen og Skaget.
Jotunheimen i kvitt langt der borte mellom Rundemellen og Skaget.
Skarvemellen og Rundemellen.
Skarvemellen og Rundemellen.
Frå Smørlifjellet.
Frå Smørlifjellet.
Nærmar meg Binnhovdknatten.
Nærmar meg Binnhovdknatten.
Binnhovdknatten.
Binnhovdknatten.
Fjeslitjernet, Fjeslie. Parkerte i enden av vatnet.
Fjeslitjernet, Fjeslie. Parkerte i enden av vatnet.
Fjeslie.
Fjeslie.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.