Draumedag frå hytta til Grunntjønnuten (28.02.2025)
Geschrieben von bakken59
Besteigungen | Grunntjørnnuten (1.032m) | 28.02.2025 |
---|
Herleg skidag. Starta frå hytta, gjekk Gjevarisen til Bekkjestaul, så over til løypa ved Løkin. Derifrå opp til Stavatjønn og Gjeslemo. Spiste niste i bakken opp frå Grunntjønn. Herleg føre utanom løypene, skare med styresnø. Gjekk opp aust for og bakfrå Grunntjønnuten. Gjekk først opp på den austre toppen, derifrå ned og opp på den høgaste. Den var ganske luftig og med fantastisk flott rundskode. Gjekk ein litt betre veg ned til løypa igjen. Deretter same trasé heim. Med eit par idiotkilometer, endte eg på 32 km. 594 hm. Var borte i fem timar. Gjekk aleine.
Benutzerkommentare
Var den ny?
Geschrieben von bakken59 28.02.2025 21:39Eg trudde jo at eg hadde dekt det meste rundt hytta, men fekk auge på denne grå pila her i går. Ja, det var ein utruleg flott dag, sikkert også i din ende av kommunen! Ein treng ikkje gjere denne turen så lang, anmarsjen frå hytta var jo minst 12 km, som andre ikkje treng gå.
Gratulerer med Seljord topp
Geschrieben von siroho 28.02.2025 21:16Se der klarte du også å ta den nye toppen i Seljord. Så ut som en mega flott tur, og den var lang.