Draumedag frå hytta til Grunntjønnuten (28.02.2025)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Cross-country skiing
Duration 5h 00min
Distance 32.0km
Vertical meters 594m
GPS
Ascents Grunntjørnnuten (1,032m) 28.02.2025

Herleg skidag. Starta frå hytta, gjekk Gjevarisen til Bekkjestaul, så over til løypa ved Løkin. Derifrå opp til Stavatjønn og Gjeslemo. Spiste niste i bakken opp frå Grunntjønn. Herleg føre utanom løypene, skare med styresnø. Gjekk opp aust for og bakfrå Grunntjønnuten. Gjekk først opp på den austre toppen, derifrå ned og opp på den høgaste. Den var ganske luftig og med fantastisk flott rundskode. Gjekk ein litt betre veg ned til løypa igjen. Deretter same trasé heim. Med eit par idiotkilometer, endte eg på 32 km. 594 hm. Var borte i fem timar. Gjekk aleine.

User comments

  • -
    avatar

    Var den ny?

    Written by bakken59 28.02.2025 21:39

    Eg trudde jo at eg hadde dekt det meste rundt hytta, men fekk auge på denne grå pila her i går. Ja, det var ein utruleg flott dag, sikkert også i din ende av kommunen! Ein treng ikkje gjere denne turen så lang, anmarsjen frå hytta var jo minst 12 km, som andre ikkje treng gå.

  • -
    avatar

    Gratulerer med Seljord topp

    Written by siroho 28.02.2025 21:16

    Se der klarte du også å ta den nye toppen i Seljord. Så ut som en mega flott tur, og den var lang.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.