Måheia og Tofjellet frå Bønardalen (07.11.2024)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Hesthei (584m) 07.11.2024
Måheia (637m) 07.11.2024
Tofjellet (722m) 07.11.2024
Visits of other PBEs Minnesmerke Måmyra (530m) 07.11.2024

Flott finverstur til Måmyra i anledning eit foredrag om dei allierte våpensleppa i Jørpelands- og Årdalsheia under krigen. Her oppe vart det nemleg sleppt ned ei gruppe fallskjermsoldatar med utstyr så seint som 26. april 1945.

Turen min gjekk frå den nedre parkeringa i Bønardalen og opp den gode traktorvegen aust for myra, der eg trudde minnesmerket skulle ligga i enden av vegen. Via Hesthei og Måheia og eit par telefonar vart steinen med minnesmerket lokalisert mot enden av vegen vest for myra, like nedanfor toppen av Måheia.

På veg mot Måmyra med utsikt mot Årdal. Sentralt i bildet sjåast Svadbergfjellet med kvasse Reinaknuten og Lauvåsen i bakgrunnen
På veg mot Måmyra med utsikt mot Årdal. Sentralt i bildet sjåast Svadbergfjellet med kvasse Reinaknuten og Lauvåsen i bakgrunnen
På Måmyra med Måvatnet og Måheia i bakgrunnen
På Måmyra med Måvatnet og Måheia i bakgrunnen
På Hesthei
På Hesthei
Frå Hesthei mot lysløypa ved Bjødnabu og høgreiste Brendeknuten
Frå Hesthei mot lysløypa ved Bjødnabu og høgreiste Brendeknuten
Mot Måvatnet og Måheia
Mot Måvatnet og Måheia
Ved utløpet av Måvatnet
Ved utløpet av Måvatnet
På Måheia
På Måheia
Oversikt over Måmyra frå Måheia
Oversikt over Måmyra frå Måheia
Vestleg utsikt frå Måheia mot bl.a. Finnøy og Lauvåsen med "Fistersendaren"
Vestleg utsikt frå Måheia mot bl.a. Finnøy og Lauvåsen med "Fistersendaren"
Steinen med minnesmerket etter flysleppet her 26. april 1945
Steinen med minnesmerket etter flysleppet her 26. april 1945
Minnesmerket etter sleppet av Linge-gruppa Polar Bear IV
Minnesmerket etter sleppet av Linge-gruppa Polar Bear IV

Etter retur til bilen etter 2 timar 35 min, var det framleis god tid til ein tur oppom Tofjellet som eg visste ville vera eit framifrå utsiktspunkt. Etter sokkebytte ved bilen gjekk det radig til topps langs veg og merka sti til vakkert rundskue; første gang på denne sida av Øvre Tysdalsvatnet for min del. Retur til bilen etter 1 ¾ time på tur, til saman 13 km, 950 hm og snaut 4 ½ timars godverstur i Årdal.

Eg vinn høgde og får flott utsikt mot Årdal og fjorden
Eg vinn høgde og får flott utsikt mot Årdal og fjorden
Toppkruna på Tofjellet nærmar seg
Toppkruna på Tofjellet nærmar seg
Like nedanfor toppen med utsikt mot Brendeknuten og ein flik av Lomslivatnet
Like nedanfor toppen med utsikt mot Brendeknuten og ein flik av Lomslivatnet
Austleg utsikt frå Tofjellet mot bl.a. Øvre Tysdalsvatnet og Viglesdalen
Austleg utsikt frå Tofjellet mot bl.a. Øvre Tysdalsvatnet og Viglesdalen
Sørvestleg utsikt mot bl.a. Årdalsfjorden og kvasse Reinaknuten bak til venstre
Sørvestleg utsikt mot bl.a. Årdalsfjorden og kvasse Reinaknuten bak til venstre
Nordvestleg utsikt mot bl.a. Måmyra og Ombo med Bandåsen
Nordvestleg utsikt mot bl.a. Måmyra og Ombo med Bandåsen

Eit par beitande hjortar på den dyrka marka på Måmyra og nokre trosteflokkar var alt eg såg av liv.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.