Måheia og Tofjellet frå Bønardalen (07.11.2024)
Written by Kaare_70
Ascents | Hesthei (584m) | 07.11.2024 |
---|---|---|
Måheia (637m) | 07.11.2024 | |
Tofjellet (722m) | 07.11.2024 | |
Visits of other PBEs | Minnesmerke Måmyra (530m) | 07.11.2024 |
Flott finverstur til Måmyra i anledning eit foredrag om dei allierte våpensleppa i Jørpelands- og Årdalsheia under krigen. Her oppe vart det nemleg sleppt ned ei gruppe fallskjermsoldatar med utstyr så seint som 26. april 1945.
Turen min gjekk frå den nedre parkeringa i Bønardalen og opp den gode traktorvegen aust for myra, der eg trudde minnesmerket skulle ligga i enden av vegen. Via Hesthei og Måheia og eit par telefonar vart steinen med minnesmerket lokalisert mot enden av vegen vest for myra, like nedanfor toppen av Måheia.

Etter retur til bilen etter 2 timar 35 min, var det framleis god tid til ein tur oppom Tofjellet som eg visste ville vera eit framifrå utsiktspunkt. Etter sokkebytte ved bilen gjekk det radig til topps langs veg og merka sti til vakkert rundskue; første gang på denne sida av Øvre Tysdalsvatnet for min del. Retur til bilen etter 1 ¾ time på tur, til saman 13 km, 950 hm og snaut 4 ½ timars godverstur i Årdal.
Eit par beitande hjortar på den dyrka marka på Måmyra og nokre trosteflokkar var alt eg såg av liv.
Kommentarer