Hamlagrø - Mykkeltveitveten (17.02.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjellskitur
Turlengde 6t 07min
Distanse 20,1km
Høydemeter 874m
GPS
Bestigninger Mykkeltveitveten (1132moh) 17.02.2024 13:40

Meldte meg på ein fjellski-tur med Voss Utferdslag. Etter ein lang periode med drittvèr og lite skiturar i fjellet, dukka denne opp på nye DNT-sida. Ja-ja, kvifor ikkje treffe nye folk, og gå skitur i nytt terreng ? Det vart ein veldig fin opplevelse. Møtte to tur-vertar ved Park hotell på Voss. Vaksne damer. Det viste seg at Kjersti og Bente hadde god kontroll på gruppa, mykje kunnskap, stålkondis og gode skiferdigheiter. Starta ved Nordre Hamlagrø litt over kl. 10. Fin maskinkøyrt trasè fyrste km innover, så meir lettkuppert, før eit bratt opptak. Det hadde regna i går, og frose på att i natt. Så skiføre var skare, med litt gjennomslag. Vidare litt nedover, så litt opp, og nokre lange flater med svakt nedover, før det bar bratt ned mot Lonaselet. Her vart det ein god matpause. Så vidare litt flatt, før lett fin stigning, til det vart brattare nærmare fjellet. Greitt oppover her, og litt betre føre. Brattast siste 80 høgdemeter mot toppen. 18 glade skiløparar, kosa seg ved toppvarden. Her var mykje folk. Fleire går randonè frå ei anna side, som er kortare og brattare, jamnt over. Gikk bort til ein annan varde enn der raude nåla var plassert, og fekk veskelsvis 1 og 2 meter høgare. Det betyr at høgste punktet på toppen ikkje er ved den store, svært staselege varden. Litt foto, mat og prat her oppe, før det bar nedatt. Utfordrande føre, med skare og nokre gjennomslag. Nokre fall vart det på fleire, også denna karen. Fyrste fjellski-tur i år, og litt rusten i tillegg. Men når ein får eit kraftig gjennomslag er det vanskeleg å halde seg oppreist. Frå litt etter Lonaselet, blei det vald ei litt anna lei, opp eit langt gjel, på returen. Fint å gå nedi der, men sola midt i mot. Lunt også, sjølv om heile dagen for so vidt var vindstille. Litt nedi sida etter haugen der vi såg Hamlagrøvatnet, var det vanskeleg føre. Men alle kom ned utan skade. Veldig kjekk tur, fine folk, og nydelege fjell å kvile augene på.

Det flata ut etter fyrste bratte kneika på turen.
Det flata ut etter fyrste bratte kneika på turen.
Halo-ring rundt sola i dag. Vi ser nedatt mot Hamlagrø-vatnet.
Halo-ring rundt sola i dag. Vi ser nedatt mot Hamlagrø-vatnet.
Lonaselet
Lonaselet
Folksamt ved toppen.
Folksamt ved toppen.
Store varden sett frå topp-punktet.
Store varden sett frå topp-punktet.
Nokre i gruppa. Snart er vi nede att ved vegen
Nokre i gruppa. Snart er vi nede att ved vegen
Ser oppatt der vi kom frå. Fjelltoppen er Hamlagrøhornet.
Ser oppatt der vi kom frå. Fjelltoppen er Hamlagrøhornet.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.