Hamlagrø - Mykkeltveitveten (17.02.2024)
Written by Esone (Einar Moen)
Ascents | Mykkeltveitveten (1,132m) | 17.02.2024 13:40 |
---|
Meldte meg på ein fjellski-tur med Voss Utferdslag. Etter ein lang periode med drittvèr og lite skiturar i fjellet, dukka denne opp på nye DNT-sida. Ja-ja, kvifor ikkje treffe nye folk, og gå skitur i nytt terreng ? Det vart ein veldig fin opplevelse. Møtte to tur-vertar ved Park hotell på Voss. Vaksne damer. Det viste seg at Kjersti og Bente hadde god kontroll på gruppa, mykje kunnskap, stålkondis og gode skiferdigheiter. Starta ved Nordre Hamlagrø litt over kl. 10. Fin maskinkøyrt trasè fyrste km innover, så meir lettkuppert, før eit bratt opptak. Det hadde regna i går, og frose på att i natt. Så skiføre var skare, med litt gjennomslag. Vidare litt nedover, så litt opp, og nokre lange flater med svakt nedover, før det bar bratt ned mot Lonaselet. Her vart det ein god matpause. Så vidare litt flatt, før lett fin stigning, til det vart brattare nærmare fjellet. Greitt oppover her, og litt betre føre. Brattast siste 80 høgdemeter mot toppen. 18 glade skiløparar, kosa seg ved toppvarden. Her var mykje folk. Fleire går randonè frå ei anna side, som er kortare og brattare, jamnt over. Gikk bort til ein annan varde enn der raude nåla var plassert, og fekk veskelsvis 1 og 2 meter høgare. Det betyr at høgste punktet på toppen ikkje er ved den store, svært staselege varden. Litt foto, mat og prat her oppe, før det bar nedatt. Utfordrande føre, med skare og nokre gjennomslag. Nokre fall vart det på fleire, også denna karen. Fyrste fjellski-tur i år, og litt rusten i tillegg. Men når ein får eit kraftig gjennomslag er det vanskeleg å halde seg oppreist. Frå litt etter Lonaselet, blei det vald ei litt anna lei, opp eit langt gjel, på returen. Fint å gå nedi der, men sola midt i mot. Lunt også, sjølv om heile dagen for so vidt var vindstille. Litt nedi sida etter haugen der vi såg Hamlagrøvatnet, var det vanskeleg føre. Men alle kom ned utan skade. Veldig kjekk tur, fine folk, og nydelege fjell å kvile augene på.
User comments