Reinsnuten og Heimsvarden frå Rørtveit (22.10.2023)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Reinsnuten (945m) 22.10.2023
Skardsheia (947m) 22.10.2023

Etter dugeleg austavind med kast på godt over 30 m/s dei siste dagane, skulle det roa seg denne dagen. Og ikkje mindre enn to lokalkjende skulle guida meg til topps på denne heia som bare er overgått av Nattlandsnuten i Erfjord.

Me starta i ganske fint ver frå Rørtveit og følgte traktorveg og sti til Rørtveitstølen og vidare til den store varden på Reinsnuten, brukte snaut 1 ½ time på 600 hm hit. Over om lag 900moh var det frose og spinnglatt på steinane, men heldigvis ikkje glatt på graset, så med god konsentrasjon unngjekk me fall og skader.

Mot Nattlandsnuten like etter turstart
Mot Nattlandsnuten like etter turstart
På veg mot Rørtveitstølen med utsikt over Slåtteheia med Heiavatna. Den dominerande toppen er Skipet
På veg mot Rørtveitstølen med utsikt over Slåtteheia med Heiavatna. Den dominerande toppen er Skipet
Oppunder frittliggande Rørtveitstølen
Oppunder frittliggande Rørtveitstølen
Tilbakeblikk mot stølen og Nattlandsvatnet. Like til høgre for Nattlandsnuten sjåast Fjellsenden
Tilbakeblikk mot stølen og Nattlandsvatnet. Like til høgre for Nattlandsnuten sjåast Fjellsenden
På Reinsnuten
På Reinsnuten

Frå Reinsnuten tok me sikte på det me trudde var varden på høgaste punkt på Heimsvarden, men så viste det seg at varden ligg 500m lenger vest. Ikkje noko problem med moderne navigasjonsmiddel, og etter å ha vore på høgaste punkt tok me ein sving bortom varden óg.

Mot Krotjødna med Junkervarden/Tveitaråheia og Boknafjellet sentralt i bakgrunnen
Mot Krotjødna med Junkervarden/Tveitaråheia og Boknafjellet sentralt i bakgrunnen
Høgaste punkt på Heimsvarden, og det er lite anna å ta bilde av enn oss sjølve
Høgaste punkt på Heimsvarden, og det er lite anna å ta bilde av enn oss sjølve
Ved varden 500m vest for høgaste punkt
Ved varden 500m vest for høgaste punkt

Planen hadde vore å returnera medsols via tona under Reinsnuten, men sidan me alt var så langt vest, anbefalte guidane å heller gå motsols og laga ein skikkeleg runde utav turen. Som tenkt så gjort, men før me prøvde oss på ein trygg nedgang vidare vest- og sørover, tok me ein god mat- og kaffipause i brukbart le. Det var ikkje fritt for vind denne dagen heller, så pausen vart heller småhustren.

Mot Krokavatnet og Reinsnuten
Mot Krokavatnet og Reinsnuten
Matpause i brukbart le
Matpause i brukbart le

Etter pausen runda me Steinsvatnet på norsida og gjekk ut på kanten mot Ullsvatnet og fekk flott utsikt mot Moltenuten og vatna i det markerte dalføret nedanfor. Nå hadde veret drege seg skikkeleg til med vind og regn, og me var glade då me fann ein raudmerka sti som førte oss trygt ned forbi eit par stølar i Krokalia til lågare lende ved Ullbertjødna og Rotemyrane.

Mot høgreiste Moltenuten med Velavatnet og vesle Vasstølvatnet framfor. Bakerst er Grytenuten og Fjetlandsnuten kjenneslege
Mot høgreiste Moltenuten med Velavatnet og vesle Vasstølvatnet framfor. Bakerst er Grytenuten og Fjetlandsnuten kjenneslege
Mot Ullsvatnet med Stølsfjellet og Rødsnuten, og veret er blitt skikkeleg surt
Mot Ullsvatnet med Stølsfjellet og Rødsnuten, og veret er blitt skikkeleg surt
Nedstigning frå topplatået mot stølane i Krokalia og Ullbertjødna
Nedstigning frå topplatået mot stølane i Krokalia og Ullbertjødna

Vel nede av heia letna heldigvis veret att. Herifrå tok me oss opp gjennom Eggjaskar til Slåtteheia, mellom dei to Heiavatna og tilbake til traktorvegen me kom opp. Takk for framifrå og ikke minst billig guiding på denne turen, som gav flott rundskue til kjende toppar og landskap i Erfjord. Fasit for dagen vart om lag 10,5 km, 700 hm og 4 ¾ timar på tur. Av faunainnslag såg me om lag 15 liryper oppe på heia og ein ganske spak og gråkledd hare ved toppen av Reinsnuten, dessutan ei flaggspett ved Rørtveit.

Tilbakeblikk frå Eggjaskar mot Rotemyrane og Ullsfjellet
Tilbakeblikk frå Eggjaskar mot Rotemyrane og Ullsfjellet
På Slåtteheia med Heiavatna. I bakgrunnen dominerer Reinsnuten og Nattlandsnuten, og både Gullingen og Napen stikk seg fram bakerst i midten
På Slåtteheia med Heiavatna. I bakgrunnen dominerer Reinsnuten og Nattlandsnuten, og både Gullingen og Napen stikk seg fram bakerst i midten

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.