Reinsnuten og Heimsvarden frå Rørtveit (22.10.2023)
Written by Kaare_70
Ascents | Reinsnuten (945m) | 22.10.2023 |
---|---|---|
Skardsheia (947m) | 22.10.2023 |
Etter dugeleg austavind med kast på godt over 30 m/s dei siste dagane, skulle det roa seg denne dagen. Og ikkje mindre enn to lokalkjende skulle guida meg til topps på denne heia som bare er overgått av Nattlandsnuten i Erfjord.
Me starta i ganske fint ver frå Rørtveit og følgte traktorveg og sti til Rørtveitstølen og vidare til den store varden på Reinsnuten, brukte snaut 1 ½ time på 600 hm hit. Over om lag 900moh var det frose og spinnglatt på steinane, men heldigvis ikkje glatt på graset, så med god konsentrasjon unngjekk me fall og skader.

Frå Reinsnuten tok me sikte på det me trudde var varden på høgaste punkt på Heimsvarden, men så viste det seg at varden ligg 500m lenger vest. Ikkje noko problem med moderne navigasjonsmiddel, og etter å ha vore på høgaste punkt tok me ein sving bortom varden óg.
Planen hadde vore å returnera medsols via tona under Reinsnuten, men sidan me alt var så langt vest, anbefalte guidane å heller gå motsols og laga ein skikkeleg runde utav turen. Som tenkt så gjort, men før me prøvde oss på ein trygg nedgang vidare vest- og sørover, tok me ein god mat- og kaffipause i brukbart le. Det var ikkje fritt for vind denne dagen heller, så pausen vart heller småhustren.
Etter pausen runda me Steinsvatnet på norsida og gjekk ut på kanten mot Ullsvatnet og fekk flott utsikt mot Moltenuten og vatna i det markerte dalføret nedanfor. Nå hadde veret drege seg skikkeleg til med vind og regn, og me var glade då me fann ein raudmerka sti som førte oss trygt ned forbi eit par stølar i Krokalia til lågare lende ved Ullbertjødna og Rotemyrane.

Vel nede av heia letna heldigvis veret att. Herifrå tok me oss opp gjennom Eggjaskar til Slåtteheia, mellom dei to Heiavatna og tilbake til traktorvegen me kom opp. Takk for framifrå og ikke minst billig guiding på denne turen, som gav flott rundskue til kjende toppar og landskap i Erfjord. Fasit for dagen vart om lag 10,5 km, 700 hm og 4 ¾ timar på tur. Av faunainnslag såg me om lag 15 liryper oppe på heia og ein ganske spak og gråkledd hare ved toppen av Reinsnuten, dessutan ei flaggspett ved Rørtveit.
User comments