Kjeringafjell (04.07.2023)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Ascents | Kjeringafjell (1,314m) | 04.07.2023 |
---|---|---|
Rjupeskar (935m) | 04.07.2023 | |
Visits of other PBEs | Orrabu (526m) | 04.07.2023 |
Kjeringafjell turbok (1,303m) | 04.07.2023 | |
Kleppa p-plass (403m) | 04.07.2023 | |
Stokksete (614m) | 04.07.2023 |
Noke grå vermeldingar i Sunnfjord og betre i Sogn, gjorde at eg valte Sogn denne dagen.
Reiste greitt tidleg frå Førde, men på grunn av vegarbeid 4 stader, vart turen noko forseinka. Starta ved Kleppa med godt mot og fann ut eg skulle ta ein tur innom dagsturhytta først. Derfra trudde eg at eg sikta meg inn på ein sti, men skogen lurte meg noke. Så det blei litt fram og tilbake før eg klarte å peile meg inn på ein sti som førte meg framover mot Kjeringafjell (derav den "klønete" starten). Då eg endeleg fann ruta, gjekk det greitt oppover. Stien er grei å følge utan å være for bratt. Men merkinga er så som så. Nokre stader er det merka med Kjeringafjell, medan andre stader er det heilt utelatt. Oppe ved Kallbakk fulgte eg til slutt ruta mot Nystølen. Tok av stien mot Rjupeskar og så vidare mot Kjeringi. Heile turen vart litt betre enn frykta. Saken var at det såg ut til å være tåke oppover lia, men etter kvart som eg gjekk, forsvann tåka foran meg og eg fekk ein fin tur utan tåke på toppen.
User comments