Kjeringafjell (04.07.2023)

Skrevet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 6t 30min
Distanse 23,1km
Høydemeter 1237m
GPS
Bestigninger Kjeringafjell (1314moh) 04.07.2023
Rjupeskar (935moh) 04.07.2023
Andre besøkte PBE'er Orrabu (526moh) 04.07.2023
Kjeringafjell turbok (1303moh) 04.07.2023
Kleppa p-plass (403moh) 04.07.2023
Stokksete (614moh) 04.07.2023

Noke grå vermeldingar i Sunnfjord og betre i Sogn, gjorde at eg valte Sogn denne dagen.
Reiste greitt tidleg frå Førde, men på grunn av vegarbeid 4 stader, vart turen noko forseinka. Starta ved Kleppa med godt mot og fann ut eg skulle ta ein tur innom dagsturhytta først. Derfra trudde eg at eg sikta meg inn på ein sti, men skogen lurte meg noke. Så det blei litt fram og tilbake før eg klarte å peile meg inn på ein sti som førte meg framover mot Kjeringafjell (derav den "klønete" starten). Då eg endeleg fann ruta, gjekk det greitt oppover. Stien er grei å følge utan å være for bratt. Men merkinga er så som så. Nokre stader er det merka med Kjeringafjell, medan andre stader er det heilt utelatt. Oppe ved Kallbakk fulgte eg til slutt ruta mot Nystølen. Tok av stien mot Rjupeskar og så vidare mot Kjeringi. Heile turen vart litt betre enn frykta. Saken var at det såg ut til å være tåke oppover lia, men etter kvart som eg gjekk, forsvann tåka foran meg og eg fekk ein fin tur utan tåke på toppen.

Sognefjorden
Sognefjorden
Skal tru om tåka lettar før eg kjem opp?
Skal tru om tåka lettar før eg kjem opp?
Utsikt mot Sognefjorden
Utsikt mot Sognefjorden
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell. Utsikt mot ruta tilbake.
Frå Kjeringafjell. Utsikt mot ruta tilbake.
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell
Frå Kjeringafjell. ruta tilbake til start
Frå Kjeringafjell. ruta tilbake til start

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.