No haster det i Sogn & Fjordane - Vardebål i fjella! (24.01.2023)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Bestigninger | Eikåsnipa (826moh) | 24.01.2023 |
---|
Ein tur på Eikåsnipa søndag 22 januar i nydelig ver og denne gang for refleksjoner over natur klima, energi, miljø og politisk tankesett i vårt brått så trua nærområde!
Firda har i ei rad artiklar skrive om at Eviny, Hydro og Zephyr ønsker å setje opp 50 250 meter høge vindturbinar i fjellområdet mellom Vadheim og Viksdalen. Det høgste fjellet i området heiter Snøheia, og området blir difor ofte omtala berre som Snøheia. 75 prosent av området ligg i Sunnfjord kommune, resten i Høyanger kommune.
Dette er berre fortsettelsen for neste planer...Ille er det at utbyggerane går på enkeltvis av dei 25 grunneigarane som seier nei av dei 30.
Guleslettene er også utbygd! https://peakbook.org/tour/305300/Fem+fjell+i+Bruheims+rike+%26+Botnane+i+Bremanger.html
Vi har eit utvalgt styre som vil kjempe kampen om fjella i Sunnfjord og ytre Sogn. VI TRENG ALLE!
ANORAKK MOT DRESS❤️❤️❤️
Måndag kveld vart åtte personar utpeika i eit arbeidsutval til å forsvare Sunnfjord i kampen mot vindkraftplanar på Snøheia. – Vi fryktar at viss dette området blir utbygd, så kan store delar av fylket stå for tur.
Jungeltelegrafen fungerer godt framleis: Måndag kveld stilte eit 40-tals personar opp på eit «ikkje-annonsert» orienteringsmøte om vindkraftplanane i fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord (Viksdalen). Ingunn Kjelstad og Hedda Andrine Skår frå organisasjonen «Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn» stod for orienteringa, og etter denne innleiinga vart møtet omgjort til eit ope arbeidsmøte med svært engasjerte deltakarar.
Travelt���
- Dette er heilt fantastisk at det stiller så mange. Vi hadde eit rådslagingsmøte på torsdag, og så mønstrar vi så mange berre eit par dagar etterpå. Men dei fleste forstår at det no hastar med å komme i gang med motstandsarbeidet. For utbyggjarane har allereie halde på lenge, kunne Ingunn Kjelstad orientere om det som er venta å bli ein kamp mellom anorakk og dress.
- Det har allereie vore møter mellom utbyggjarane Eviny/Hydro/Zephyr og grunneigarane i området. Førstkomande måndag skal det vere ope folkemøte i Høyanger om planane. Dessutan skal kommunestyra i Sunnfjord og Høyanger bli orienterte av utbyggjarane i midten av februar. Det er tydeleg at utbyggjarane har dårleg tid og stressar fram prosessen, fastholdt Kjelstad.
I gruppe���
Med så mange engasjerte deltakarar i salen var ikkje vanskeleg å etablere ei arbeidsgruppe av frivillige til dette viktige arbeidet framover. Denne arbeidsgruppa av «folk som elskar fjella våre» består av Kristine Hjelmbrekke, Janne Eikås, Jorunn Liv Kleiven, Sigurd Løseth, Anette Storøy Paulen, Ann Iren Ness, Stig Roger Eide og Toril Faleide.
Vi håpar at DU også støttar oss i kampen mot dei store utbyggjingsplanane i dette unike fjellområdet mellom Høyanger og Sunnfjord.
Vi lovar at DU skal høyre meir frå oss i tida som kjem.
For kampen om fjella våre står no!❤️❤️❤️
VI TRENG FOLK som også har eit ønske om å støtte opp for å tenne vardebål på fjelltoppane mot den utbyggingskåte vindindustrien som vil bygge ut fjella & naturen vår. Vi veit at i desse prosjekta her er det nok strøm/ energi til industrien i vårt distrikts områder. Pluss så mykje meir til andre prosjekt. Men, nokon er klare for å tjene grovt med penger på våre fjell og naturområder til andre kapital prosjekt også ut av landet vårt. Vi set att med pløgde fjellområder! Det handler om å bremse inngrepa i naturen til ein har oversikt over kva ressurser som kan effektiviserast av den utbygginga vi allerede har.
https://www.wwf.no/dyr-og-natur/fns-naturavtale-en-ny-global-avtale-for-mennesker-og-natur
https://ytresogn.no/snoheia-eit-uarleg-forsok-paa-aa-faa-gjennom-vindkraft/30.12-11:12
Eikåsnipa blir det eine fjellet for vardebrenning og det haster før kommune vedtaka i Sunnfjord og Høyanger som blir satt om ca tre veker! Hadde vore flott med vardebål på fjella våre i Sogn & Fjordane med folka som kjenner tilhøyrligheit til dette oppropet! Dato i fjella er eit første tenkt utgangspunkt 11 februar kl 18.00 Setter pris på interesse og tilbakemeldinger for å delta til eit fredelig opprop! Gi meg ei tilbakemelding :)
Siste bilda er ifrå vardebål på Klauva 847 moh i Jølster. Tur ifrå Nyttårsafta 2020/21 https://peakbook.org/tour/394817/Klauva+847%252FJ%C3%B8lster-+Nytt%C3%A5rsaften+%26+Nytt+%C3%A5r+21.html
Miriam sende meg link ifrå storfilmen Ringenes Herre med vardebål og det gamle varslingssymbolet om fare! https://snl.no/varde Den er fin og absolutt legendarisk storslagen i fjella som våre like gjeldane!
https://www.youtube.com/watch?v=fyIjoXv6Y-0
Kommentarer
Natur, klima og politikk
Skrevet av kobbenes 30.01.2023 11:47Svigerfaren min har vore leiar i trøndelag naturvernforbund og aktiv i motvind i ei årrekke. Dei har ført ein lang kamp mot den svært omfattande utbygginga i trøndelag. Utsikta frå bymarka mot havet er i dag dekt av vindmøller. Dette er resultatet av tunge politiske prosessar for grøn omstilling som diverre vil gi nedbygd natur med særs avgrensa klimaeffekt. Skal ein ha sjangse til å vri utviklinga MÅ ein inn i romma der politikken utformast. Så i tillegg til verdifulle aksjonar må ein støtte politikk som endrar retninga til Norge i dag. Etter mi meining er det berre eit parti som tar innover seg realitetane i klima- og naturendringane tilstrekkelig, og det er MDG. Vi stiftar Stad MDG denne våren. I sunnfjord er laget allereie godt oppe og går. Økologi og bærekraft må inn i politikken på alle nivå.
Vardebrenning for fjella!
Skrevet av Sunset 28.01.2023 23:12Eg flytta frå Florø til Jølster før vindmøllene kom på plass på Guleslettene nord for Florø. Men utbygginga var i full gang. Der har eg gått utallige flotte turar i urørt natur. Mang èin uforgløymeleg og flott solnedgang. Der står no 47 vindturbinar og blinkar og der er over 4 mil med vegar.
I fjellområda i Sunnfjord og Høyanger er det planlagt enda fleire vindmøller. Og dei skal være opp til 250 meter høge. ca 100 meter høgare enn dei som står på Guleslettene. Seier kommunane ja til dette, så står nye prosjekt klar for utbygging.
Det er flott å sjå det gryande engasjementet for denne markeringa. Det er mange som brenn for fjella og naturen. Til no er det planlagt vardebrenning fra Bergen i sør til Averøya i nord. Og det er framleis to veker til markeringa bokstavleg talt skal i elden.
Takk for fin tilbakemelding!
Skrevet av Eikås 25.01.2023 17:06Eg har teke på meg eit ekstra ansvar for vardebål i arbeidsgruppa her i Sunnfjord. Det fordi eg veit og kjenner dåke og så mange andre som brenn for fjella og naturen i ulike settinger. DET HASTER VELDIG NO. Vi kjem til å bruke media og vardebålbrenning i fjella som ei eiga sak. :) Det er ei varsling til alle! Får utbyggerane fotfeste med god støtte ifrå regjeringa, så er heile noreg snart utbygd. Anbefaler alle å sette seg inn i den "nye" politikken om vi treng strøm raskt ifrå vindmøller i fjella våre for å redde verden og klimakrisa. Det vi veit er at det handler mest om kapital. Vi i gruppa håper at det blir vardebål i heile Sogn & Fjordane den 11.02.23 kl 18.00 Ekstra stort er det også om fleire ønsker å markere ifrå heile vårt vidstrakte land. Bilder og støtte blir lagt inn i mediesaka mot vindmøller for naturen og mangfaldet i denne saka. Send meg bilder frå dåke som BRENN FOR FJELLA!
Beundringsverdig pågangsmot
Skrevet av Fjellsamleren 25.01.2023 10:21Fantastisk arbeid dere legger ned her, Janne! Det er vakkert å se så mange mennesker som er villige til å gå i krigen for å bevare naturen og dyrelivet i vakre Sunnfjord! Dere har min fulle støtte og jeg heier på dere. Håper virkelig dere seirer!
full støtte!
Skrevet av kobbenes 25.01.2023 08:42STÅ PÅ! DETTE ER GALSKAP!