Dobbel kremtind: Klovetindane og Rognestøyltindane (10.09.2022)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Start point | Kvistadsætra (461m) |
---|---|
Characteristic | Alpine climbing |
Duration | 0h 1min |
Distance | 7.8km |
Vertical meters | 1,003m |
GPS |
Ascents | Rognestøylstindane (1,232m) | 10.09.2022 16:46 |
---|---|---|
Klovtinden Nord (1,258m) | 10.09.2022 16:46 | |
Klovtinden (1,278m) | 10.09.2022 16:46 |
Hausten slo til med knallvær etter ein begredelig sommar, og alle prosjekta vi ikkje fekk gjennomført i sommar kunne no få ein ny sjangse. Eg og Kroksleiven hadde ikkje samla oss til ein einaste fellestur heile sommaren, og det var ikkje berre grunna været. Planar, derimot, hadde vi rikelig av.
Ein av desse var Klovetinden i Kvistadalen. Denne har jo fått ein viss status etter at den hamna på lista over Noregs 10 vanskeligaste tindar. Denne lista gjekk etter vanskeligaste klatrepunkt på enklaste veg. Sidan Klovtinden har klatring på 4-talet enklaste veg opp (og dette er faktisk ikkje så innmari vanlig sidan det ofte går an å lure seg ein veg opp på dei fleste fjell) så hamna den på lista. Når det er sagt er ikkje klatringa særlig lang, og tinden er relativt lett tilgjengelig. Så ein kan argumentere for at det er mange andre fjell som er meir kompliserte å kome seg på enn denne. Men det får bli ei anna liste.
At det er ein topp med ein viss karakter er uansett udiskutabelt, noko som så klart vekker attråen! Og at det er ein flott tind i Sunnmørsalpane er enda ein grunn til å avlegge den eit besøk.
Det vart behagelig start frå Stårheim klokka 9 i fineværet, og klokka 10:30 rusla vi frå bilen ved Kvistadsætra. Trur vi fann ein god veg opp lia, og det er ingen grunn til å køyre heilt opp til turistparkeringa på Årsetsætra for å parkere.
Anmarsjen er det ikkje så mykje å seie om anna enn at det er i motbakke det går oppover. Bjørkeskog til grasbakke til morene og steinur. Spennande å kome opp på fortoppen og kjenne litt på lufta. Vi såg også bort på Rognestøyltindane. Dit hadde eg fått for meg at det berre var å rusle bort, så det kunne vi gjere etterpå (sjølv om det såg litt brattare ut enn eg hadde sett føre meg).
Vi racka opp på fortoppen, og gjekk forsiktig ned i skaret. Så tok vi på tauet, og eg rigga ein standplass. Så var vi i gang. Klatringa handlar om å fote seg, og ein kunne ønska litt bedre handtak - difor klatregraden. Men det er heilt greit, og det er ikkje mange meterane. Tauet er først og fremst sikkerheitssele, for det går raskt ned til Rognestøylen om ein rullar ned her. Litt tynnsikra blokkterreng men heilt inanfor.
Etter vel 20 meter kjem ein opp på ei bra hylle der det er eit rapellanker med ein metallring. Eg sette standplass 2 meter til høgre for dette, i eit fint dobbeltriss. Torleiv kom opp utan problem. Her la terrenget seg såpass at vi kopla oss ut og gjekk til toppen. Her vart det god stemning og speiding både hit og dit. Kroksleiven var nøgd med å få denne i boks. Rett under toppen beita eit par sauder - naturligvis (klovdyr, ikkje sant...)
Så gjekk turen tilbake til standplassen. Eg rigga til utfiring, og fira Kroksleiven ned gjennom rapellankeret med backup i standplassen. Så la eg ein backup i ei klemblokk og rappellerte ned frå ankeret sjølv. Kom oss fint opp og ned med eit 60m-tau og eit lite rack.
Etter ei matpause på fortoppen gjekk vi egga mot Rognestøyltindane, og Kroksleiven byrja fortelje om litt ulike rapportar han hadde lest om skumle greier bortover denne egga. Eg måtte uansett vedkjenne at det ikkje berre var å spasere bort, men det var artig rangling.
Siste kneika synest eg såg rufsete ut, så vi trakk ned mot nokon grashyller i sørsida. Dette var berre tull - her var det bratt og fælt. Så vi returnerte til ryggen, tok på tauet, og gikk løpande siste biten.
Dette var riktig veg ingen tvil, og hadde sikkert gått greit utan tau også. Men det gjorde ingen ting å ha det på. På toppen vaks det ei rogn - naturligvis. Nydelig utsikt herifrå, tok oss ei ny matpause og peika på det eine etter det andre turmålet. Ein skikkelig bonustind vart dette!
Tilbake langs egga og ned ei bratt renne, der vi snakka om at her var det sikkert somme som helst ville ta ein skitur - noko som i ettertid viste seg å stemme. Så var det berre trasken ned til bilen i flnværet.
På mandag kjem regnet, men no fekk vi oss i allefall ein ordentlig kremtur!
Start date | 10.09.2022 10:33 (UTC+01:00 DST) |
End date | 10.09.2022 16:43 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 6h 09min |
Moving Time | 3h 31min |
Stopped Time | 2h 38min |
Overall Average | 1.3km/h |
Moving Average | 2.2km/h |
Distance | 7.8km |
Vertical meters | 1,002m |
(GPSen låg att i sekken på fortoppen av klovetinden)
User comments
Alpnizmuz
Written by SturlaS 11.09.2022 19:12Flott tur og rapport! Jeg har denne på lista men for meg blir det dessverre litt utenfor allfarvei...
Artig å hilse på sauen etter at tauet har bragt deg opp. :)) Jeg har opplevd det samme i Innerdalen.
Sv: Alpnizmuz
Written by kobbenes 12.09.2022 07:55takk for det. ingen grunn til å ta turen til sunnmøre berre for denne, men ein artig alpin godbit som ikkje tar heile dagen og kvelden, om ein først er her :-)