Steinnova og Stolen - Gaular komplett (27.07.2022)
Written by reikri (Reidun Kristiansen)
Start point | Oppedal |
---|---|
Endpoint | Oppedal |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 6h 19min |
Distance | 23.6km |
Vertical meters | 1,304m |
Map |
Ascents | Steinnova (1,177m) | 27.07.2022 |
---|---|---|
Stolen (1,150m) | 27.07.2022 |
Etter det eg har forstått, er vegen opp til Oppedalsdale ikkje eigna for bilar som den eg har. Parkerte eg difor nede og gjekk opp grusvegen. Tok av rett før brua som er midt i dalen og fulgte ein meir eller mindre synleg sti oppover mot Sygneskaret. Oppe i skaret tok eg av til venstre der eg såg eg kunne komme meg opp på Steinnova.
Sikta meg vidare inn mot Stolen og traff sånn noko lunde. Gjekk langs vatna og opp på toppen. Der hadde eg ein liten rast før eg sikta vidare mot Sauebotnfjellet og Storehaugen og ned mot traktorvegen som går til Oppedalsstølane. Fulgte traktorvegen nedatt til bilen.
på veg nedatt traff eg på bonden som skulle ordne med bom mot kyrne. Han fortalte at før vegen var lagd, så gjekk dei opp via Gjermundstadskaret og ned Strupen med kyrna sine. Litt av ein tur, då eg tykkjer den ser litt vel bratt ut for å få kyrna ned dit.
ruta finn du på Strava
https://www.strava.com/activities/7538050347
User comments