Bjørga - Jølster etter strålande langtur ifrå Jostedalen (07.06.2022)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Befringsdalen (597moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 4t 56min
Distanse 16,3km
Høydemeter 1240m
GPS
Bestigninger Bjørga (1551moh) 07.06.2022
Sørøst for Bjørga (1524moh) 07.06.2022
Øst for Bjørga (1503moh) 07.06.2022

Sidan vi var litt late idag etter gårsdagens tur! Valgte vi køyre opp til øverste parkering med ny bompenge sats kr 70,-
Etter gårsdagens strålande tur til Skruklebreen, Tverradalsbreen mot Vest for Tunsbergdalsbreen ifrå Leirdalen i Jostedalen.
https://peakbook.org/tour/462738/Walk+in+the+park%21+N%C3%A5r+mil+blir+til+smil%21+Jostedalsbreen%21.html
Det vart likevel tidleg opp etter heldigvis noko betre søvn i teltet etter langturen. Kokte kaffe og åt frukost med gryn og yoghurt før telt og utstyr vart pakka raskt ned. Johan var innstilt på å svippe turlasset mitt heim til Jølster :) Bilen var eg litt usikker på om den var køyreklar etter kjølevæske havariet! Kl 08.30 i Sogndal ringde eg til Toyota på Kaupanger som kunne fortelle at bilen var god som ny. Berre å hente den! Då var allerede dagens plan lagt på tur i Jølstrafjella i godveret. Så både turlass, bil og Johan enda i fagre Jølster :) Det vart ein ny stålande turdag til fjells i godveret. Lenge sidan eg hadde vore på ski til Bjørga og det var nydelige forhold på ski. Så fekk eg også sporlogg på begge toppane!
Sporloggen vart ein tur opp på Befringstøylen fordi eg trudde brua over elva derifrå var inntakt. Det var den ikkje, så då vart det retur litt lengre nede til brua der over til Flatjord og Grepstadstøylane. Snakka med ein lokal grunneigar på Befringstøylen. Han skulle stramme opp igjen gjerdet rundt selet! Han kunne fortelle at eindel skigåere har som vane å stryke snøkladdane av skia på gjerdestrengen som gjerne er akkurat synlege på vinteren. Gjerdet blir nedtrakka og det er noko som medfører eindel ekstra arbeid for han. Eg kan forstå ein liten frustrasjon ifrå han over tankeløysa til skigåerane. dette vart ein tankevekker som eg tenker å bringe vidare!

Mot Bjørgjaryggen
Mot Bjørgjaryggen
Ifrå Rambjørgebotnen
Ifrå Rambjørgebotnen
Blikk stille ifrå toppen av Bjørga 1551
Blikk stille ifrå toppen av Bjørga 1551
Snønipa bakerst
Snønipa bakerst
Mot Grovabreen
Mot Grovabreen
Ifrå Øst for Bjørga mot Rambjørgjeryggen
Ifrå Øst for Bjørga mot Rambjørgjeryggen
Mot Sygnesandsnipa og Grovabreen
Mot Sygnesandsnipa og Grovabreen
Ifrå Øst for Bjørgja
Ifrå Øst for Bjørgja
Mot Øst for Bjørgja 1506
Mot Øst for Bjørgja 1506
Eit tjeldepar kosa seg ved varden i Kjøsnesfjorden/Jølstravatnet med to dunete kyllinger
Eit tjeldepar kosa seg ved varden i Kjøsnesfjorden/Jølstravatnet med to dunete kyllinger

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.