Walk in the park! Når mil blir til smil! Jostedalsbreen! (06.06.2022)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Leirdalen/Jostedalen (483m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 14h 09min
Distance 52.8km
Vertical meters 3,492m
GPS
Ascents Hest (1,632m) 06.06.2022
Hesten S1 (1,505m) 06.06.2022
Kvitekoll (1,767m) 06.06.2022
Nord for Skruklebreen (1,587m) 06.06.2022
Nordøst for Kvitekoll (1,636m) 06.06.2022
Skruklebreen (1,602m) 06.06.2022
Såta (1,701m) 06.06.2022
Vest for Tunsbergdalsbreen (1,688m) 06.06.2022
Tverradalsnosi (1,636m) 06.06.2022
Tverrdalsbreen (1,620m) 06.06.2022

Sogn & Fjordane er historisk eit fantastisk fylke, og fortsatt er det "mitt" finaste fylke med Jostedalsbreen som ein stor del av fylket. For to år sidan vart Sogn & Fjordane og Hordaland slått sammen til eit storfylke som no heiter Vestland. Vestland er ikkje idag med på fylkeslistene som ei samleliste. Ein kan samle etter 100 pf Sogn og Fjordane eller Hordaland. To også gamle fylker og lister som eg virkelig håper blir freda som samlelister. Det er viktig å ta vare på og respektere historia og mangfaldet med tilhørigheit for den enkelte på ein respektfull måte. Det er som med alt anna! :)

Dette er ein tur eg har hatt i tankane eit par år. Men, ved husbygging og mykje jobbing! Så har turen blitt utsatt til dei rette forholda. Det er ein tur utan tvil enklare å gjennomføre med gode forhold. Etter å ha studert yr ei stund i forkant! Vart det brått også eit superfint vervindu med då tilsynelatande greie forhold på breen! Johan var ein førstetanke og eit naturleg valg å invitere med på turen. Johan kjenner eg tilbake ifrå 2010 og vi har hatt dei store langturane i km og fine høgdemeter som fine turer ilag. Og eg veit at vi er samkøyrde på dei turane. Denne turen var ingen unntak!

Eg hadde pakka landcruiseren til overnatting for eit par dager i godveret! Heldigvis tek eg alltid med teltet og alt tilbehør i tilfelle eg akutt skulle finne på noko anna. Landcruiseren skal eg behalde til hausten, då den går inn i innbytte til ein splitter ny Toyota rav plugg in hybrid. Landcruiseren er ein 2006 modell med litt alderdom slitasjer, som gjere seg gjeldane etterkvart. Denne gangen valgte ei klemme å hoppe av til kjølevæska midt inne på ei flate i Jostedalen. Eg var komt inn i området litt tidlegare enn Johan. Så eg hadde valgt å reise innover for å studere snøforholda til eit seinare høve for fleire småturer som står att i området. Då gjekk temperaturen i motoren brått nesten til topps! Eg fekk stoppa bilen raskt og forsto kva som var greia! Den hadde mista all kjølevæske! Hadde ein liten indikasjon på det ifrå før, ved at eg måtte fylle på litt oftare kjølevæske. Heldigvis var det hjelp å få like ved på ein gard med veldig kjekke folk. Eit eldre par med datter på besøk tok meg vel imot med vaffler og kaffe. Dattera kunne fortelle meg at mora hadde nett gremt seg over at det var så lite som skjedde her inne i Jostedalen ei pinse. Brått var vi alle engasjert i kjølevæske problematikken til ein alders sviktande toyota :) Dattera "Bitte" var ergoterapeut og hadde jobba som breførar og då var vi på gang! Mange felles kjente hadde vi også. Det var ei trivelig stund fram til Johan kom susande! Også han fekk samme fine behandling hos denne kjekke familien. Etter ei veldig trivelig stund hos denne familien. Fekk vi stua det meste ifrå landcruiseren inn i ein litt mindre BMW...Bilen min skulle få stå på garden til den vart frakta på Toyota i Kaupanger.

Etter å ha flytta mitt lass ifrå landcruiseren inni ein litt mindre bil til Johan med sitt utstyr. Så var det jammen ikkje mange hulrom å plassere turutstyr igjen på. Leirdalen next!
Etter å ha flytta mitt lass ifrå landcruiseren inni ein litt mindre bil til Johan med sitt utstyr. Så var det jammen ikkje mange hulrom å plassere turutstyr igjen på. Leirdalen next!
Seint oppe ved parkeringa i Leirdalen! Men, lyst lenge no!
Seint oppe ved parkeringa i Leirdalen! Men, lyst lenge no!
Fint å krype i soveposen! Men, lite søvn vart det! Mange tanker om bil, fugler som kvitra heile natta! Og ei elv som dura av smeltevatnet ifrå snøen og solvarmen. Teltduken er ikkje lydisolerande og det var ingen liten koselig klukkande søvndyssande bekk, som eg prøvde å lulle meg inn i. Heldigvis hadde eg nesten samme erfaringa med lite søvn og fysisk kapasitet på litt meir krevande langøkter ifrå tidlegare. Som ein snorkande nabo i løpet av natta til løpet i Hornindal. Eg visste at eg hadde søvn og næring godt nok dagane i forkant. Så det var berre å komme på gang med eller uten søvn kl 18.30 neste morgen. Rekna med ein ca 13 -14 timers tur med rundt 5 mil og 3-4000 hm.

https://peakbook.org/tour/219982/Hornindal+Rundt+2017-+Eit+flott+l%C3%B8p+%C3%A5+anbefale+:%29.html

For ein hærleg dag å russle oppover breen og studere kart! Utforske nye høgder og fast fjell. Kor mykje har breen smelta og ikkje minst fantastisk å skue dalføra og fjella rundt på kvar side av brearmen. Dagen var temmelig solvarm og det var omtrent ikkje eit vindpust! Så det var berre å smøre seg inn med høg solfaktor og eg hadde heldigvis sekken full av saft flasker. Mat gjekk det mindre med som vanlig på sånne langturer. Reservane mine var lagra i kroppskilo i forkant!! :) Så litt mårpølser og eit par skiver og ein pakke seigmenn gjorde susen!

Fottur opp til støylen!
Fottur opp til støylen!
Ned mot Tunsbergdalsvatnet som oppdemt! 478-440 moh
Ned mot Tunsbergdalsvatnet som oppdemt! 478-440 moh
La att joggeskoa og ein cola under kledninga til returen! Fjellskia på herifrå og vidare...
La att joggeskoa og ein cola under kledninga til returen! Fjellskia på herifrå og vidare...
Fin profil på fjellet Hest
Fin profil på fjellet Hest
For ein dag og for eit område å suse over!
For ein dag og for eit område å suse over!
Fine forhold på morgen! Fint å skøyte framover for litt framdrift! Sjølv om eg tenker kvar gong at eg skulle ha glida fjellskia! Det er ikkje lenge før det blir trått føre i sånn solsteik! Det tiltross for tidleg start og oppe på ca 1700 moh

Opp og ned i lange drag! Men, dagen har vi og den skal nytast i dette eldoradoet! :)
Opp og ned i lange drag! Men, dagen har vi og den skal nytast i dette eldoradoet! :)
Like fint å skue fjella rundt etter 400 hm ned, før nye 400 hm i oppstigninger!
Like fint å skue fjella rundt etter 400 hm ned, før nye 400 hm i oppstigninger!
Ekstra bonusen er fine nedrenn!
Ekstra bonusen er fine nedrenn!
og fleire mil... :)
og fleire mil... :)
Denne toppen Tverradalsnosi 1637 såg mistenkelig ut til å måtte være i nærheita av ein 100 pf topp. Så vi la turen oppom og fekk målt den til 97 i pf.
Denne toppen Tverradalsnosi 1637 såg mistenkelig ut til å måtte være i nærheita av ein 100 pf topp. Så vi la turen oppom og fekk målt den til 97 i pf.

Gromtoppane i Hurrungane er stadig eit vakkert bakteppe!

Ved siste topp Vest for Tunsbergdalsbreen 1689 moh Det er så vanvittig fint å være her! ingen å skue, ikkje eit spor! Berre ei stille og ein fred som ikkje kan beskrivast i ein vanvittig mektig natur! Dette er Sogn og Fjordane og i mitt nærmiljø og kall det bakgården!! :)

Mot siste nye toppen i returen! Tverradalsnosi 1637 etter Vest for Tunsbergdalsbreen 1689 moh
Mot siste nye toppen i returen! Tverradalsnosi 1637 etter Vest for Tunsbergdalsbreen 1689 moh
Ifrå nordøst for Kvitekoll ned mot det mektige brefallet Tunsbergdalsbreen
Ifrå nordøst for Kvitekoll ned mot det mektige brefallet Tunsbergdalsbreen
Einaste fine varden som var laga, var på Tverradalsnosi 1637
Einaste fine varden som var laga, var på Tverradalsnosi 1637
Johan på Tverradalsnosi 1637 Fint å skue området i sola her. Skal tru kven som bygde opp steinane til varde og markerte akkurat denne fjelltoppen ein gong!??
Johan på Tverradalsnosi 1637 Fint å skue området i sola her. Skal tru kven som bygde opp steinane til varde og markerte akkurat denne fjelltoppen ein gong!??
Opp og ned i eit fantastisk brerike! Det er ikkje Josten på langs...Her er stilla! :)

Ein liten varde ein eller anna har laga på nytt fastfjell! :)
Ein liten varde ein eller anna har laga på nytt fastfjell! :)
Eg måtte lage ein!
Eg måtte lage ein!
Kveldsturen og returen hadde vi bestemt oss for skulle gå over Hest
Kveldsturen og returen hadde vi bestemt oss for skulle gå over Hest
Bratt ned av ryggen på Hest til fots!
Bratt ned av ryggen på Hest til fots!
Kveldsola og rypa ved Hest
Kveldsola og rypa ved Hest
Kveldsola og rypa ifrå Hesten mot Grøndalseggi og  Asbjørnnosi 1610 moh
Kveldsola og rypa ifrå Hesten mot Grøndalseggi og Asbjørnnosi 1610 moh

User comments

  • -
    avatar

    Johan & Otto

    Written by Eikås 18.06.2022 11:55

    Fy søren så mange fine opplevelser og øyeblikk ein kan skape! Ekstra kjekt å få til godt turfellesskap! Dei både krymper og veks desse listene! Det er alltid stas å gjere "ferdig" ei offisiell liste. Skulle det dukke opp nye topper i ettertid, får vi ta det når det kjem. :) Men, det eine medfører det andre...Synest Vestland også er av interesse. Ei liste på ca 2029 topper pr idag! Eg får ikkje laga lista, då den har for mange peakbook-element. Ser det er mykje fint og spennande ifrå Ulvik og Hardanger området også. Får satse på god helse og lågare drivstoff prisar i tida som kjem. :)

    • -
      avatar

      Sv: Johan & Otto

      Written by otto 18.06.2022 17:58

      Den lista på 2029 topper tror jeg du bør droppe. Da får du heller flytte til Nordland, den lista er enda større. Kos deg i fylket ditt og nyt livet i Jølster..

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Johan & Otto

        Written by Eikås 22.06.2022 19:58
  • -
    avatar

    Kontraster

    Written by otto 17.06.2022 22:20

    Imponerende race i høyfjellet. Bra du fikk med deg Johan alltid har kontroll. Og Sogne-lista krymper dag for dag. Bra gjennomført Janne.

  • -
    avatar

    Juni & kontraster i Luster

    Written by JoSo 17.06.2022 00:20

    Våropplevelser i Sogn er noe man bør prøve å få med seg hvert år :)

    Hvitt og fortsatt vinterlig på breene - frodig grønt og vakkert nede ved Lustrafjorden..

    Takk for en fin skitur + hagevandring ved Walaker i Solvorn!

  • -
    avatar

    Takk for titten �

    Written by Esone 15.06.2022 22:31

    Kjekt med forumet her, at ein kan oppleve turar ein ikkje har gått, men kanskje lengtar etter. Og ein får inspirasjon til å utforske, gå deler av ruter, eller plukke toppar ved kommande høve. Kor liten ein blir, og kor stor Jostedalsbreen er, får ein eit inntrykk av her. Sidan de har gått laaang tur og kraftig mange høgdemeter, og det på berre «eit lite» restparti av delvis bre, som nok tidlegare har vore ein del av den store og mektige. Tenkjer at det var litt av ei oppleving !!

    • -
      avatar

      Sv: Takk for titten �

      Written by Eikås 15.06.2022 23:30

      Ja, det setter ting i perspektiv! Den villmarksfølelsen og friheita er enorm stor å kjenne på. Og den er her heime! Det er mykje nyttig og fin inspirasjon ifrå mange her! Og det er av stor interesse å kike på karta og sjå kor ting har forandra seg spesielt i desse områda. Like kjekt synast eg det er å gå turane også på sommer for å sjå blåisen og kor mykje isen har trukket seg tilbake i forhald til det kartet viser idag. Det blir nok eindel spennande forandringer i alle dei nye karta framover med nyare målingsnøyaktigheit. Fekk nokre gode eksempler på det undervegs av denne turen der ein er ute i terrenget også. Var litt ekstra artig idag å studere eit kart på kystmuseet i Flora av Sør Noreg ifrå 1800 tallet. Litt artig å sjå når ein tenker på kva dei hadde av hjelpemiddel då til idag! Du må ellers ha ein strålande fin fjellsommer i ditt fine fjellrike! :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.