Hornindal Rundt 2017- Eit flott løp å anbefale :) (04.05.2018)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Grodås (69m)
Endpoint Grodås (69m)
Characteristic Jogging
Distance 75.0km
Vertical meters 5,600m
GPS
Ascents Gulkoppen (1,306m) 04.05.2018
Høgenibba (1,192m) 04.05.2018
Muldsvorhornet (945m) 04.05.2018
Sandfjellet (1,177m) 04.05.2018

Hadde tenkt å legge ved sporlogg på løpet, den må redigerast litt, fordi biltur ifrå Jølster er komt med. Der går jammen grensa...Logg kjem seinare! Tenkte eg kunne skrive litt om totalen og i forkant av løpet utifrå min ståstad. Dette for dei som har tenkt tanken på å delta, det er ingen "Hokus Pokus" kanskje nokon kan gjere seg litt nytte av info. alt er individuelt. Men litt grunnform er greit å ha! Det fine er at om ein ikkje greier heile løpet, så går det supert med halve :)
Tida mi på dette løpet vart 12.48.56

Klar for Hornindal med halv rygg!! Snakke meg om...
Klar for Hornindal med halv rygg!! Snakke meg om...

Har tenkt lenge, nokre år på at eg ville prøve dette løpet! Fordi eg alltid har likt å springe i naturen. Har vore med på ein del motbakkeløp, men har tenkt mest på dei lange løpa. Så tenker ein jo at ein ikkje har form til å delta på eit så langt løp som på 75 km/Ultraløp. Dette er nok eit småløp likevel, iforhold til mange andre løp i andre land. Men det er då ein begynnelse i vårt fantastiske fjell land :)
Bestemte meg for å delta for 2,5 veker sidan. Då hasta det brått å få inn nokre lange fjelløkter for å tilvenne kroppen litt lengre distansar ilag med litt hm. Grunnform har eg, det hjelper litt men kanskje ikkje nok om ein tenker konkurranse! Eg droppa motbakkeløpet Storehesten, reiste inn til Hornindal og tok eit testløp på halve siste løpet, noko som eg hadde igjen for på løpsdagen. Sidan fekk eg til to dagar etter kvarandre med ca 55 km og 3000 hm. I tillegg eit kort motbakkeløp på Alden, ei veka i forkant. Rolige turar med ca 700 hm og "hendene bak på ryggen", med ein kviledag siste dagar inntil løpet.
Men min magefølelse sa at dette var jammen litt i hurten og sturten! Ein soledag på terassen, med eit hardt underlag dagen i forkant. Gjorde til at eg fekk ein irritasjon i ein slitasje eg har i nederste korsrygg. Det gjorde så pass utslag på jobb dagen etter at eg måtte ha hjelp til å knyte skolisser. Då tenkte eg vel at løpet var køyrt! Etter forslag tok eg nokre paracet og tanken på halvt løp fekk duge, men dette var då jammen utgjort! Iløpet av turen til Hornindal var faktisk ryggsmertene smuldra vekk! Snakke meg om lykke :)

Inne ved foten av Hornindalsrokken
Inne ved foten av Hornindalsrokken
Lokale livsnytere!!
Lokale livsnytere!!

På Knausen hyttegrend/Hornindal var det triveleg å få ein kveld ilag med løpsvenn Arild og resten av Os Ultraklubb. Men det skulle vise seg at med overnatting i eit gammalt hus utan isolasjon, så er vi inne på risikosport! Når endelig ryggen var på plass, så skulle eg.....@@@ måtte slite med ein engelskmann si etterkvart kjente snorking i leiren og mine eigne spente nerver! Kl 04.00 var også fuglane i Hornindal begynte si morgenstund! Då hadde eg gitt opp håpet om å fullføre 75 km. Var komt i tanker om å stille som heiagjeng på halve løpet, for deretter berre å gå å legge meg! Heilt til Arild sa... at du gjere ditt beste løp utan søvn, det er dagane i forkant som gjelder. Du skjerper deg når du kjenner det som verst! Eg trur faktisk at han hadde rett :)

Meir eller mindre heile løypa med gjørme, den krevde sitt!|
[[image:Eikås_20170712_596614c89b9be.jpg|Ei hard kneik mot Gulkoppen 1306 moh
Meir eller mindre heile løypa med gjørme, den krevde sitt!| [[image:Eikås_20170712_596614c89b9be.jpg|Ei hard kneik mot Gulkoppen 1306 moh
Mot Gulkoppen 1306 moh
Mot Gulkoppen 1306 moh
Ved Hornindalsbrua og målgang for dei med halvt løp!
Ved Hornindalsbrua og målgang for dei med halvt løp!
Ved Hornindalsbrua og målgang for dei med halvt løp!
Såg fram til å bytte til tørre sko her ifrå eige depo! Til siste halvdel og slutten av løpet! Små gleder ei lita stund, men det som likevel er med på å gjere litt av framdrifta :)
Ved Hornindalsbrua og målgang for dei med halvt løp! Såg fram til å bytte til tørre sko her ifrå eige depo! Til siste halvdel og slutten av løpet! Små gleder ei lita stund, men det som likevel er med på å gjere litt av framdrifta :)

Kost og ernæring er alltid det store spørsmålet! Der er det også temmelig individuelt... Dagane i forkant åt eg som normalt, men pressa på nokre ekstra is :) Havregrynsblanding, ei banan og nesten ein halv liter kaffe som vanleg på løpsmorgon. Under løpet fekk eg i meg 2,5 grove skiver med 2 cm sjokadepålegg, ei banan, kvitostbitar, Nordfjord mørpølser, 2 sportsgel, eindel cola og vatn ifrå bekkane undervegs. Matlysta var ikkje så stor, fekk i meg passeleg men eigentlig for lite væske i frå bekkane. Lurt å ha med eigen liten plast kopp, så sparer ein tid på å legge seg ned å slurpe ;) Plastkopper er påbudt i sekken i andre land/løp. Motbakkeløpa her heime forbrukar store mengder papp/plast koppar som blir kasta for at løpar skal spare vekt! Eigentlig ganske forkastelig!

 God stemning ved målgang inne i hallen!! :)
God stemning ved målgang inne i hallen!! :)
Dei svenske tvillingane Sanna og Lina El Kott Helander i klassa 23-34 på tider 11.20.26 - 11.30.19 var det ingen sjanse å prøve seg på :) Ein alders tidsdifferanse er vel lov mot min klasse 45-49 12.48.58 3 plass totalt damer og klasserekord fekk eg :) 27 plass totalt menn/kvinner
Dei svenske tvillingane Sanna og Lina El Kott Helander i klassa 23-34 på tider 11.20.26 - 11.30.19 var det ingen sjanse å prøve seg på :) Ein alders tidsdifferanse er vel lov mot min klasse 45-49 12.48.58 3 plass totalt damer og klasserekord fekk eg :) 27 plass totalt menn/kvinner
Beste mann var Eivind Klokkhaug i klasse 23 -34 10.07.26
Anders Myrland 23-34 10.28.39 og Niclas Forsmark 35-39 10.45.50
Beste mann var Eivind Klokkhaug i klasse 23 -34 10.07.26 Anders Myrland 23-34 10.28.39 og Niclas Forsmark 35-39 10.45.50
Klassevinnere damer...
Klassevinnere damer...
Klassevinnere herrer...
Klassevinnere herrer...
Fornøgd med eget løp utifrå totalen og som eit førstegangs langløp! Ikkje så mykje anna eg kunne ha gjort trur eg...Det vart gjennomført på enkle premisser !KLokka la eg att med god vilje, ganske lurt tenker eg på eit så langt løp
Fornøgd med eget løp utifrå totalen og som eit førstegangs langløp! Ikkje så mykje anna eg kunne ha gjort trur eg...Det vart gjennomført på enkle premisser !KLokka la eg att med god vilje, ganske lurt tenker eg på eit så langt løp

User comments

  • -
    avatar

    Gratulerer så mye igjen!

    Written by Fjellsamleren 18.07.2017 19:03

    En utrolig rå innsats, Janne :) Veldig interessant å lese. Jeg måtte lukke øynene litt etter jeg leste om fyren som holdt deg våken med snorking. Det siste man ønsker når man absolutt trenger hvile. Det er til å grine av. Ellers veldig spennende å følge deg på turene dine. Treffes vi på årets PB-treff? :)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer så mye igjen!

      Written by Eikås 23.07.2017 18:16

      Tusen takk Endre :) Eg må nesten le av heile greia i ettertid :) Men det var faktisk til å grine av då!! :) Det skulle ha vore forska litt meir på snorking...det må då være eit aldri så lite samfunnsproblem generelt :) :) Lyt prøve å være med den helga...fint i sunnmørsfjella! Berre å håpe på fantastisk ver då :)

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by Freeflex 14.07.2017 14:33

    Artig å lese om heile "prosessen". Eg fulgte med deg live store delar av vegen også sidan eg kjente igjen navnet frå Peakbook og du kniva med ein fetter av meg store delar av løpet.

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by Eikås 14.07.2017 19:50

      Takk til deg :) Så artig :) No lurer eg litt på kven av dei som var fetteren din? :) Vi var fire som berre landa i ei god gruppe inn mot siste halvdel av løpet! Vi køyrde på, vi småprata og vi berre hadde eit jamt sluttløp ilag mot mål :) Tilfeldigheiter...men likevel så kjekt å tenke på i ettertid :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Gratulerer!

        Written by Freeflex 15.07.2017 02:33
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Gratulerer!

          Written by Eikås 15.07.2017 09:05
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv: Gratulerer!

            Written by Freeflex 15.07.2017 12:51
            • +
              avatar

              Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gratulerer

              Written by Eikås 16.07.2017 15:58
              • +
                avatar

                Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Sv: Gratul

                Written by Freeflex 16.07.2017 17:02
  • -
    avatar

    rått!

    Written by kobbenes 14.07.2017 12:16

    Imponerande innsats og artig rapport! Det hadde vore kjekt å prøvd seg ein gong, men per i dag har eg ikkje grunnlaget trur eg. Kva intensitet ligg du på under løpet, ca puls? Kor mykje springing vert det i oppoverbakkane?

    • -
      avatar

      Sv: rått!

      Written by Eikås 14.07.2017 19:18

      Takk for det Kristian :) Har du det i tanken, er du med til neste år :) Men, eg kjenner meg att i tankesettet ditt :) :) Ein anna som eg kjenner i dette miljøet, hadde ein fornuftig plan om å berre delta første gang for å sjå kva dette var. Ingen ambisjoner! Det er igrunn fornuftig tenkt, om ein har ein liten konkurranse i magen eller berre lysta på å teste seg sjølv i fantastiske vestlandsfjell :) Det finnast ingen fasitsvar på korleis den enkelte velger å nyte naturen på :) Eg droppa klokka og alt som minner om tid og puls, og hadde eit fokus på at det var eit sabla langt løp å disponere kreftene på. Det er ikkje som Skåla eller Fannaråken dette, ein går inn i si eiga boble og jobber! Samtidig som konkurranse instinktet slår inn, og driver deg akkurat til grensa for å ikkje gå på ein smell :) Oppoverbakker til nokre av hovudtoppane var det ikkje snakk om å springe for min del, det er ganske bratte stigninger. Jamt og trutt med overskudd er nok ei god greie :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: rått!

        Written by kobbenes 14.07.2017 20:05
  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JPV100 13.07.2017 19:40

    Gratulerer igjen med eit flott løp, og bra plassering! Det er jo nesten slik at ein får lyst til å slenge seg med neste år...! :)

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Eikås 13.07.2017 22:20

      Takker Jan Petter :) Dette er jammen løp som passer fjellfanter :) :) På mange løp føler eg ofte at ein knapt har begynt, før det er over!! Vi får satse til neste år :) Du får ha ein superfin sommerferie :) Eg begynner no til helga med bestilt godvær og varme :)

  • -
    avatar

    Grattis

    Written by SturlaS 12.07.2017 23:03

    Imponerende!

    • -
      avatar

      Sv: Grattis

      Written by Eikås 13.07.2017 19:24

      Tusen takk Sturla :) :)

  • -
    avatar

    Tøffing

    Written by otto 12.07.2017 22:53

    Imponerende av en godt voksen Jølster-dame..

    • -
      avatar

      Sv: Tøffing

      Written by Eikås 13.07.2017 19:37

      Takk Otto :) Ja, no må eg berre ærleg innrømme at eg føler meg som godt vaksen i møte med 23 års klassen + Eg er igrunn fornøgd ;) :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Tøffing

        Written by otto 13.07.2017 21:30
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Tøffing

          Written by Eikås 13.07.2017 22:48
  • -
    avatar

    Råskinnet Janne...

    Written by opps 12.07.2017 22:13

    Gratulerer Janne så mye, du er et råskinn som takler det meste. Flott rapport som inneholdt både humor og alvor.

    • -
      avatar

      Sv: Råskinnet Janne...

      Written by Eikås 13.07.2017 20:12

      Tusen takk Oddveig :) Eit fint liv...konkurransen ligg nok bittelitt i blodet :) Samtidig som det er eit utruleg inkluderande godt løpsmiljø på tvers av alder som ein setter så stor pris på. Som i vårt fjellmiljø :) :)

  • -
    avatar

    Råtass

    Written by Atomsilda 12.07.2017 21:57

    Gratulerer igjen Janne! Tenkte at jeg skulle si...Neste år skal jeg "gruse" deg ;) men vet at da må jeg finne ungdommens kilde...Liten sjanse for det akkurat for mitt vedkommende, men moro å se at du presterer så bra... Tror nok neste gang når vi skal på tur sammen,- må få deg en større sekk...for å bremse deg litt ;)

    • -
      avatar

      Sv: Råtass

      Written by Eikås 13.07.2017 20:19

      Takker Jørn :) Jaggu godt med nokre glimt av ungdomskilder av og til....håper dei varer til laaangt over 100 ;) :) Gleder meg til neste fellestur uansett :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.