Fødalsnosi og Nordaust for Skavlevatnet (17.04.2022)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 31min
Distance 36.9km
Vertical meters 1,450m
GPS
Ascents Nordøst for Skavlevatnet (1,770m) 17.04.2022 15:57
Fødalsnosi (1,700m) 17.04.2022 17:22

Då blei det langtur, og Fødalsnosi er bestegen. Kom litt seint i gang i dag, og måtte rekne på tida undervegs. Tenkte att det blei berre Nordaust for Skavlevatnet. Og det er vaksen topp det, 1770 moh. Nådde denne etter 3:22. Det var hardt føre opp frå Bjordalsbu, og til denne toppen. Elles var det fint føre på heile turen. Klokka var ca. 16, og eg tok sjansen, og satsa på Fødalsnosi. Tenkte at eg kunne snu undervegs, viss det drog på med tid. Godt føre er viktig, elles kan tida dra på. Og eit godt val av rute, er også viktig. Turen vidare frå Bjordalsbu, var heilt ukjendt terreng for meg. Eg hadde lese meg opp på kart i førevegen sjølvsagt. Vurderte ruta stort sett ved å lese terrenget. I dag var eg både dyktig å heldig, vil eg meine. Heilt perfekt til Fødalsnosi, som blei toppa 1:20 etter førre topp. Nydeleg natur og terreng innover fjellet. Sette att skia 40 høgdemeter under toppen. For her var mose innimellom, og ikkje snøheilt. Brukte litt tid å kike rundt frå Fødalsnosi. Så var det tid for retur mot fyrste mål Bjordalsbu, og sivilisasjonen. 1:18 dit. Siste skiva ned, og retur med meir jamn unnakøyring. Brukte kortfeller til Nansen-ski, og Rottefella 75 i dag. Mykje feller av/på, men det går raskt. Smurte litt innimellom for å få meir flyt i små kneikar. Lilla VR 55 fungerte nokolunde. Mildt i dag. Var ved Breistølen og turens slutt 1:19 etter eg forlot Bjordalsbu. Fantastisk turdag på ski i nydeleg ver, godt føre og lite vind. Var litt bekymra om det vart seint og skymt ned Stardalsgjelet. Men det gikk fint, sjølv om det var hardt føre her, når klokka nærma seg 20. Heile turen på 7:30 brutto tid, var raskare enn eg hadde forventa. Men eg sette meg ikkje ned på turen heller. Straffa for sein avgang. Då var topp 60 og 61 på Lærdals-lista i boks. Eg leve ei stund på denne turen �.

Nordaust for Skavlevatnet 1770 moh.
Nordaust for Skavlevatnet 1770 moh.
Tvilsomt bilde frå 1770. Varden på sør-punktet.
Tvilsomt bilde frå 1770. Varden på sør-punktet.
Fødalsnosi.
Fødalsnosi.
Bedre bilde frå Fødalsnosi.
Bedre bilde frå Fødalsnosi.
Frå Fødalsnosi mot Store Sanddalsvatnet.
Frå Fødalsnosi mot Store Sanddalsvatnet.
Gråhyrneran.
Gråhyrneran.
Nordaust for Skavlevatnet, lengst borte, litt til venstre for midten.
Nordaust for Skavlevatnet, lengst borte, litt til venstre for midten.
Toppen eg besteig fyrst i dag. Nordaust for Skavlevatnet.
Toppen eg besteig fyrst i dag. Nordaust for Skavlevatnet.
Skavlevatnet.
Skavlevatnet.

User comments

  • -
    avatar

    Lærdalsfjella

    Written by PeakFloyd 18.04.2022 14:18

    Flotte bilder fra en nydelig tur Einar. Da er det snart bare langturen igjen?

    • -
      avatar

      Sv: Lærdalsfjella

      Written by Esone 18.04.2022 21:15

      Nydeleg tur til Fødalsnosi. Fire i Lærdalsfjella ja. Vurderar alt frå ski frå snøvegen i juni, til roleg seinsommar-tur med teltbase frå Hallingskeisanden. To på Frønningan v.h.a. sykkel, eller til fots rett opp frå Kai. Eg gir eit vink m.o.t. til Frønningane.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.