Tjødnadalsheia og Nordnesknuten frå Målandsdalen (14.11.2021)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Nordnesknuten (731m) | 14.11.2021 |
---|---|---|
Tjørnadalsheia (707m) | 14.11.2021 | |
Besuche anderer PBE | Minnesmerke Austre Målandsstøl (650m) | 14.11.2021 |
Flott morgontur til Krøys på farsdagen med bratt oppstigning til Austre Målandsstøl via anleggsvegen frå Boremyr, -1 grad ved turstart. Sidan sist eg var på Målandsheia i slutten av januar var arbeidet med demningane til det nye kraftverket i Sagåna fullført, men sjølve åna rann ennå lystig. Den greina av anleggsvegen som går mot Austre Målandsstøl ligg som eit tragisk ope sår i landskapet, men er laga for å samla opp den vesle Kjervåna som renn frå Gamlestølstjødna. I tillegg gir han sjølvsagt grunneigaren veg til fjells, som jo er dagens omkvede.
Men nok om det! Tanken med turen var mellom anna å finna minnesmerket frå flysleppa her på Tjødnadals- og Beinheia under krigen, som har samanheng med flysleppet på Brogaheia som eg fann restane av for fire veker sidan.
Turen opp til Austre Målandsstøl ved Gamlestølstjødna gjekk svært raskt unna, 500 hm på snaue timen må vera bra, sjølv om det meste var på god veg. Her kom eg akkurat opp i morgonsola og fann minnesmerket like aust for den vesle hytta. Ellers er det eit par gamle stølstufter her oppe, som det ikkje alltid er lett å finna der det har vore stølar i gammal tid.
Frå stølen tok eg peiling nokså beint austover mot Tjødnadalsheia og det lite prominente og vardelause toppunktet her, ein etappe som tok snaue halvtimen. Trass i ein litt kald trekk var det herleg å vera på tur i det flotte solskinet.
Herifrå kunne eg sjå søraustover mot det neste turmålet, nemleg Nordnesknuten ved Krokavatnet. Det såg litt langt ut med tanke på den tida eg hadde, men eg hadde lyst til å få med meg ein skikkeleg topp og valde å prøva. Runda Svarefjellstjødna på vestsida og følgte stien merka mot Krøys eit stykke. I det uryddige steinlandskapet her kom og gjekk stien, og etter kvart drog eg meg austover langs nordbreidda av Krokavatnet der det óg var ganske uryddig.
Men så ein snau halvtime frå siste toppen var eg inne i vika ved bekken frå Larsgardtjødna, som heldigvis let seg kryssa lengst nede. Eg hadde vore spent på om det var islagte sva på begge sider av bekken slik at han var upasserbar. Vidare gjekk det greit søraustover og 20 min. til topps på det breie topplatået på Nordnesknuten, med flott utsikt over Krøys og spesielt Krokavatnet. Største utfordringa var den kraftige motsola i sørleg retning, helst eit luksusproblem ein slik flott haustdag.
Returen vart lagt same veg, men stilaust aust for Svarefjellstjødna og etter kvart den bratte skogsvegen ned Utmyrdalen til Målandsdalen. Om lag 50 min. rask gange frå siste toppen til skogsvegen og så ein snau halvtime heilt ned til bilen ved Boremyr, siste etappe 900m langs Rv. 13.
Til saman 16 km, snaut 800 hm og 3 ¾ timar på tur i framifrå haustver. Lite folk å sjå, og det einaste fuglelivet stod ein flokk trostar for.
Benutzerkommentare