Tjødnadalsheia og Nordnesknuten frå Målandsdalen (14.11.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Nordnesknuten (731m) 14.11.2021
Tjørnadalsheia (707m) 14.11.2021
Visits of other PBEs Minnesmerke Austre Målandsstøl (650m) 14.11.2021

Flott morgontur til Krøys på farsdagen med bratt oppstigning til Austre Målandsstøl via anleggsvegen frå Boremyr, -1 grad ved turstart. Sidan sist eg var på Målandsheia i slutten av januar var arbeidet med demningane til det nye kraftverket i Sagåna fullført, men sjølve åna rann ennå lystig. Den greina av anleggsvegen som går mot Austre Målandsstøl ligg som eit tragisk ope sår i landskapet, men er laga for å samla opp den vesle Kjervåna som renn frå Gamlestølstjødna. I tillegg gir han sjølvsagt grunneigaren veg til fjells, som jo er dagens omkvede.

Men nok om det! Tanken med turen var mellom anna å finna minnesmerket frå flysleppa her på Tjødnadals- og Beinheia under krigen, som har samanheng med flysleppet på Brogaheia som eg fann restane av for fire veker sidan.

Turen opp til Austre Målandsstøl ved Gamlestølstjødna gjekk svært raskt unna, 500 hm på snaue timen må vera bra, sjølv om det meste var på god veg. Her kom eg akkurat opp i morgonsola og fann minnesmerket like aust for den vesle hytta. Ellers er det eit par gamle stølstufter her oppe, som det ikkje alltid er lett å finna der det har vore stølar i gammal tid.

Den vesle hytta ved Austre Målandsstøl ved Gamlestølstjødna
Den vesle hytta ved Austre Målandsstøl ved Gamlestølstjødna
Ei tuft vitnar om gamlestølen som har gitt navn til Gamlestølstjødna
Ei tuft vitnar om gamlestølen som har gitt navn til Gamlestølstjødna
Minnesmerket over flysleppa på Tjødnadals- og Beinheia vinteren 1944/45. Sola gyller toppen av Prammafjellet bakanfor
Minnesmerket over flysleppa på Tjødnadals- og Beinheia vinteren 1944/45. Sola gyller toppen av Prammafjellet bakanfor

Frå stølen tok eg peiling nokså beint austover mot Tjødnadalsheia og det lite prominente og vardelause toppunktet her, ein etappe som tok snaue halvtimen. Trass i ein litt kald trekk var det herleg å vera på tur i det flotte solskinet.

Tilbakeblikk mot Gamlestølstjødna og den vesle hytta heilt til venstre
Tilbakeblikk mot Gamlestølstjødna og den vesle hytta heilt til venstre
Oversikt over ein del av sleppområdet med Gamlestølstjødna bak til venstre. Det meste av området ligg mellom 640 og 700 moh
Oversikt over ein del av sleppområdet med Gamlestølstjødna bak til venstre. Det meste av området ligg mellom 640 og 700 moh
På toppen av Tjødnadalsheia i herleg morgonsol
På toppen av Tjødnadalsheia i herleg morgonsol

Herifrå kunne eg sjå søraustover mot det neste turmålet, nemleg Nordnesknuten ved Krokavatnet. Det såg litt langt ut med tanke på den tida eg hadde, men eg hadde lyst til å få med meg ein skikkeleg topp og valde å prøva. Runda Svarefjellstjødna på vestsida og følgte stien merka mot Krøys eit stykke. I det uryddige steinlandskapet her kom og gjekk stien, og etter kvart drog eg meg austover langs nordbreidda av Krokavatnet der det óg var ganske uryddig.

Mot Nordnesknuten sentralt og Larsgardtjødna til venstre
Mot Nordnesknuten sentralt og Larsgardtjødna til venstre

Men så ein snau halvtime frå siste toppen var eg inne i vika ved bekken frå Larsgardtjødna, som heldigvis let seg kryssa lengst nede. Eg hadde vore spent på om det var islagte sva på begge sider av bekken slik at han var upasserbar. Vidare gjekk det greit søraustover og 20 min. til topps på det breie topplatået på Nordnesknuten, med flott utsikt over Krøys og spesielt Krokavatnet. Største utfordringa var den kraftige motsola i sørleg retning, helst eit luksusproblem ein slik flott haustdag.

På veg mot Nordnesknuten med tilbakeblikk mot Svarefjellet
På veg mot Nordnesknuten med tilbakeblikk mot Svarefjellet
Frå om lag same staden mot Larsgardtjødna og Tindafjellet bakerst
Frå om lag same staden mot Larsgardtjødna og Tindafjellet bakerst
Eg vinn høgde og får meir av  Larsgardtjødna i syne
Eg vinn høgde og får meir av Larsgardtjødna i syne
Frå oppunder Nordnesknuten med tilbakeblikk mot Svarefjellet sentralt, omgitt av Krokavatnet, Larsgardtjødna, Svarefjellstjødna og Steinskardtjødna
Frå oppunder Nordnesknuten med tilbakeblikk mot Svarefjellet sentralt, omgitt av Krokavatnet, Larsgardtjødna, Svarefjellstjødna og Steinskardtjødna
Fornøgd på Nordnesknuten med Venavatnet i bakgrunnen
Fornøgd på Nordnesknuten med Venavatnet i bakgrunnen
På den vardelause toppen av Nordnesknuten med Venavatnet og Vardhusheia sentralt i bakgrunnen
På den vardelause toppen av Nordnesknuten med Venavatnet og Vardhusheia sentralt i bakgrunnen
Motsols mot Nordnes og Krøysaheia
Motsols mot Nordnes og Krøysaheia
Meir vestleg utsikt over Krokavatnet og Venavatnet. Dei dominerande toppane er Venafjellet og Vardhusheia med sistnevnte flankert av Naganibba og Reinaknuten
Meir vestleg utsikt over Krokavatnet og Venavatnet. Dei dominerande toppane er Venafjellet og Vardhusheia med sistnevnte flankert av Naganibba og Reinaknuten

Returen vart lagt same veg, men stilaust aust for Svarefjellstjødna og etter kvart den bratte skogsvegen ned Utmyrdalen til Målandsdalen. Om lag 50 min. rask gange frå siste toppen til skogsvegen og så ein snau halvtime heilt ned til bilen ved Boremyr, siste etappe 900m langs Rv. 13.

Ved utløpet av Larsgardtjødna som treffande nok ligg inne i "Botten" slik det framgår av det gamle kartet nederst
Ved utløpet av Larsgardtjødna som treffande nok ligg inne i "Botten" slik det framgår av det gamle kartet nederst
Eg passerer aust for Svarefjellstjødna
Eg passerer aust for Svarefjellstjødna
Mot Skorpeheia som får venta til neste tur
Mot Skorpeheia som får venta til neste tur

Til saman 16 km, snaut 800 hm og 3 ¾ timar på tur i framifrå haustver. Lite folk å sjå, og det einaste fuglelivet stod ein flokk trostar for.

Historisk kart over Krøys frå 1856. Legg merke til at Krokavatnet då er kalla "Kröisevand". Dessutan er Målandsvatnet og Gamlestølstjødna kalla hhv. "Nedre- og Övre Stölsvand". Det framgår vidare at Larsgardtjødna låg inne i "Botten" som framleis passar godt som stadnavn

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.