Parkerte ved hovudvegen og gjekk opp vegen ved eit skilt som viste veg. Eg prøvde meg på litt avstikkarar, blandt anna til Revursholten, der var det ikkje sti, men det er flott utsikt mot Sognefjorden. Gjekk vidare opp mot Kongshaug på stien eg starta på og ned via Kallbakk og vidare på god sti/veg til avstikkar opp på Kvitenjuk. gjekk tilbake og ned igjen til via ein sti som førte meg tilbake til utgangspunktet. Mykje av turen er panoramautsikt mot Sognefjorden.
User comments