Blånebba og Mjølvafjellet (08.08.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Venjedalen (746m)
Characteristic Trip by foot
Duration 0h 1min
Distance 10.2km
Vertical meters 716m
GPS
Ascents Storhesten (1,024m) 08.08.2021 18:09
Mjølvafjellet (1,216m) 08.08.2021 18:09
Steinfjellet (1,178m) 08.08.2021 18:09
Blånebba (1,320m) 08.08.2021 18:09
Blånebba øst for (1,319m) 08.08.2021 18:09
Visits of other PBEs Venjedalssetra p-plass (380m) 08.08.2021 18:09

Dagen derpå turen til Store Trolltind var både eg og Erlend litt tomme. Det var litt snakk om ein kortare fjelltur, eller kanskje litt klatring på Hornaksla, men etter at Erlend fekk tenkt seg om over ein kanelbolle i Åndalsnes sentrum, hoppa han i teslaen og tusla seg heim til Trondheim.

Eg hadde tenkt litt på at Blånebba kunne vere eit turmål, så eg køyrde til Venjedalen. Ikkje veldig mykje futt i kroppen i dag, men eg hadde god tid.

Etter kvart kom motoren litt meir i gang, og det vart tilløp til småspringing bortetter romsdalsegga mot Mjølvafjellet. Deretter til Blånebba, med flott utsikt til gårsdagens turmål. Til slutt la eg turen innom Storhesten også, så slepp eg å sjå på den gråe nåla meir.

Slike striper av lys stein viser at ura antakelig har vore upåverka av istider i mange mange tusen år, sidan steinane framleis ligg på rekk. Det er litt morsomt.
Slike striper av lys stein viser at ura antakelig har vore upåverka av istider i mange mange tusen år, sidan steinane framleis ligg på rekk. Det er litt morsomt.
Frå Mjølvafjellet mot Blånebba. Venjetinden bak.
Frå Mjølvafjellet mot Blånebba. Venjetinden bak.

Deretter softis og eit forsøk på å finne buldrefeltet på Skiri, noko som berre gjorde at eg rota meg vekk i skogen. Hovudet ikkje heilt på riktig plass med andre ord. Så då vart det real med potetmos i teltet i staden. Lært av dei beste der altså.

Start date 08.08.2021 13:00
(UTC+01:00 DST)
End date 08.08.2021 17:25
(UTC+01:00 DST)
Total Time 4h 25min
Moving Time 4h 09min
Stopped Time 0h 15min
Overall Average 3.4km/h
Moving Average 3.7km/h
Distance 15.2km
Vertical meters 1,422m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.