Kleneggen (03.08.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 28min
Distance 16.8km
Vertical meters 1,344m
GPS
Ascents Sør for Kleneggen (1,937m) 03.08.2021 15:51
Kleneggen (1,964m) 03.08.2021 16:16
Børa (1,916m) 03.08.2021 17:26
Kaldbottinden (1,856m) 03.08.2021 18:10
Kaldhøa (1,640m) 03.08.2021 19:48
Visits of other PBEs Kleneggen P-plass (1,155m) 03.08.2021 13:15
Høgbøra klyvepunkt (1,513m) 03.08.2021 14:31

Etter sein tur til Vardhøi dagen før, vart det ein sein morgen denne dagen. Vi parkerte på Kleneggen p-plass litt utpå dagen, og kom i veg på tur kvart over eitt.

Vatnet på 1379moh
Vatnet på 1379moh
På fortoppen, med Kleneggen bak
På fortoppen, med Kleneggen bak

Vi fann nokre sporadiske tråkk til å byrje med, men det var fint terreng å gå i. Mykje gras til å byrje med, men etter kvart som vi kom høgare vart det meir og meir ur. Klyvepunktet merka vi ikkje så mykje til. Tung stigning opp til fortoppen, lang rygg derifrå til toppen.

Flott utsikt på toppen. Ein del namn i boka, og eit morosamt troll i postkassa. Vi var ein god stund på toppen for å fotografere. På veg attende mot fortoppen møtte vi peakbooker FjellEggen, og hadde ein hyggeleg prat med han.

Kristine på Kleneggen
Kristine på Kleneggen
Utsikt frå Kleneggen
Utsikt frå Kleneggen
Utsikt frå Kleneggen
Utsikt frå Kleneggen
Kristine og trollet på Kleneggen
Kristine og trollet på Kleneggen
Inste Bruåbottvatna (1261moh), med Bruåbottmillo bak
Inste Bruåbottvatna (1261moh), med Bruåbottmillo bak
Inste Bruåbottvatna (1254moh), med Bruåbottmillo og Sandgroveggen bak
Inste Bruåbottvatna (1254moh), med Bruåbottmillo og Sandgroveggen bak
Kristine på Kleneggen
Kristine på Kleneggen
Stup mot vest, nedunder fortoppen på Kleneggen
Stup mot vest, nedunder fortoppen på Kleneggen

Vi hadde snakka om å berre gå på Kleneggen, eller å utvide turen med Kaldbottinden og Kaldhøa. Da vêret var flott og formen god satsa vi på å forlengje turen. Børa vart da første topp vidare.

Mot Børa
Mot Børa

Opp til Børa var det ein liten motbakke, og eit flott og litt luftig toppunkt. Vidare var det grei, men lang, ur til Kaldbottinden. På veg ned frå Kaldbottinden møtte vi på ein bratt skrent på 1600moh, men vi fann ein ok rute ned der, kan hende det er greiere å gå lengre mot aust.

Kristine på Børa
Kristine på Børa
Kleneggen frå Børa
Kleneggen frå Børa
Kaldhøa frå Børa
Kaldhøa frå Børa
Kaldbottinden frå Børa
Kaldbottinden frå Børa
På Børa
På Børa
Nordover frå Børa
Nordover frå Børa
På veg mot Kaldbottinden
På veg mot Kaldbottinden
Attende mot Børa
Attende mot Børa
Skrenten ved 1600moh, på veg ned frå Kaldbottinden
Skrenten ved 1600moh, på veg ned frå Kaldbottinden
Mot Kaldhøa
Mot Kaldhøa
På veg mot Kaldhøa
På veg mot Kaldhøa
Attende mot Kaldbottinden
Attende mot Kaldbottinden
Mot Kleneggen og Børa, frå vatnet i Kaldbotnen
Mot Kleneggen og Børa, frå vatnet i Kaldbotnen

Høgdemetrane opp til Kaldhøa gjekk overraskande lett, veldig fint terreng å gå i opp dit, stort sett gras. Ned håpa vi å skli litt på snø, men det var ikkje lange stubben det gjekk.

På Kaldhøa
På Kaldhøa
Kleneggen og Børa frå Kaldhøa
Kleneggen og Børa frå Kaldhøa

Det vart ein skikkeleg flott tur i eit flott område, som vi ikkje har vore i før. Morosamt å sjå nesten bare (for meg) ukjende fjell. Romsdalen bør nok kanskje bli utforska meir ved ein seinare anledning.

Etter turen drog vi i retning Ålesund. Vi åt middag på Cirkle-K i Åndalsnes, og fann ein parkeringsplass like før Måndalen og overnatta i bilen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.