Kleneggen (03.08.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Sør for Kleneggen (1,937m) | 03.08.2021 15:51 |
---|---|---|
Kleneggen (1,964m) | 03.08.2021 16:16 | |
Børa (1,916m) | 03.08.2021 17:26 | |
Kaldbottinden (1,856m) | 03.08.2021 18:10 | |
Kaldhøa (1,640m) | 03.08.2021 19:48 | |
Visits of other PBEs | Kleneggen P-plass (1,155m) | 03.08.2021 13:15 |
Høgbøra klyvepunkt (1,513m) | 03.08.2021 14:31 |
Etter sein tur til Vardhøi dagen før, vart det ein sein morgen denne dagen. Vi parkerte på Kleneggen p-plass litt utpå dagen, og kom i veg på tur kvart over eitt.
Vi fann nokre sporadiske tråkk til å byrje med, men det var fint terreng å gå i. Mykje gras til å byrje med, men etter kvart som vi kom høgare vart det meir og meir ur. Klyvepunktet merka vi ikkje så mykje til. Tung stigning opp til fortoppen, lang rygg derifrå til toppen.
Flott utsikt på toppen. Ein del namn i boka, og eit morosamt troll i postkassa. Vi var ein god stund på toppen for å fotografere. På veg attende mot fortoppen møtte vi peakbooker FjellEggen, og hadde ein hyggeleg prat med han.
Vi hadde snakka om å berre gå på Kleneggen, eller å utvide turen med Kaldbottinden og Kaldhøa. Da vêret var flott og formen god satsa vi på å forlengje turen. Børa vart da første topp vidare.
Opp til Børa var det ein liten motbakke, og eit flott og litt luftig toppunkt. Vidare var det grei, men lang, ur til Kaldbottinden. På veg ned frå Kaldbottinden møtte vi på ein bratt skrent på 1600moh, men vi fann ein ok rute ned der, kan hende det er greiere å gå lengre mot aust.
Høgdemetrane opp til Kaldhøa gjekk overraskande lett, veldig fint terreng å gå i opp dit, stort sett gras. Ned håpa vi å skli litt på snø, men det var ikkje lange stubben det gjekk.
Det vart ein skikkeleg flott tur i eit flott område, som vi ikkje har vore i før. Morosamt å sjå nesten bare (for meg) ukjende fjell. Romsdalen bør nok kanskje bli utforska meir ved ein seinare anledning.
Etter turen drog vi i retning Ålesund. Vi åt middag på Cirkle-K i Åndalsnes, og fann ein parkeringsplass like før Måndalen og overnatta i bilen.
User comments