Fire turar i Gudbrandsdalen (30.07.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Nordre Silikampen (1,243m) | 30.07.2021 12:07 |
---|---|---|
Søre Sillikampen (1,235m) | 30.07.2021 12:25 | |
Teigkampen (1,035m) | 30.07.2021 14:42 | |
Koto (1,015m) | 30.07.2021 18:00 | |
Veslfjell (1,134m) | 30.07.2021 19:16 | |
Visits of other PBEs | Kviknekjølen - Øldalen bomveg (700m) | 30.07.2021 11:20 |
Øldalen p-plass (460m) | 30.07.2021 13:18 | |
Teigsetra turmål (811m) | 30.07.2021 14:00 | |
Bjørnsonsprofilen (980m) | 30.07.2021 14:30 | |
Kvarvet p-lomme (860m) | 30.07.2021 17:19 |
Silikampene
Kristine, pappa og eg drog til Kvikne i Nord-Fron, og køyrde inn bomvegen mot Øldalen. På det høgaste punktet på vegen parkerte vi i vegkanten. Derifrå gjekk vi på dei to Silikampane. Gjekk utan råk, men i greitt terreng opp til Nordre, derifrå var det råk over til Søre. Det gjekk også eit råk nede i sida nedunder Nordre. Flott utsikt på desse toppane.
Teigkampen
Dagens andre tur gjekk på veldig bra råk opp til Teigkampen. Veldig fin utsikt utover udbrandsdalen frå denne toppen. Dagens fineste tur. Her var vi heldige på parkeringsplassen, den var full, men det drog ein bil akkurat da vi kom. Kristine og eg registrerte ein stolpe oppe på Bjørnsonprofilen, men stolpen nede ved elva fann vi ikkje.
Koto
Etter turen på Teigkampen køyrde vi ned til Vinstra. Der åt vi softis, før vi køyrde opp til Kvarvet i Sør-Fron. Første tur der gjekk til Koto. Morosomt namn, men kjedeleg topp. Greitt råk å følgje, men mange stikryss. Ingen utsikt på toppen. Ned prøvde vi ein snarveg, men det vart litt blaut myr og kratt.
Veslfjell
Dagens siste tur vart Veslfjell, eller Grønfjell som fjellet også heter. Inn frå Kvarvet vart vi litt bekymra for om bommen vart låst, men vi fekk spurt ein kar, og bommen der blir ikkje låst. Vi køyrde inn til ein liten parkeringsplass ved ei hytte eit stykke før Haugjordsætra. Derifrå gjekk vi på godt råk opp til toppen. Råket gjekk ein liten runde rundt det brattaste partiet, så der gjekk vi rett opp i fint terreng. FLott tur med fin utsikt.
User comments