Dalaknuten (16.10.2020)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Tangen (200m)
Endpoint Tangen (200m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 30min
Map
Ascents Dalaknuten (1,023m) 16.10.2020
Nord for Stordalane (1,096m) 16.10.2020
Sør for Vaulatjørnane (1,110m) 16.10.2020

Begynte å gå nede frå vegen på grusveg og turskilt mot Jenafjell og Skinnveien. Denne vegen har god standard og ingen bom så kunne spart 120 hm med å kjørt opp. Fortsatte så på stien vidare oppover. Stien til Jenafjell er ein avstikker frå Skinnvegen, men den får eg ha til gode til ein seinare anledning i kombinasjon med Godliknuten.
Fulgte Skinnvegen opp til Brudlitjørnane og gjekk så opp fjellryggen til dei namnlause toppane 1096 og 1110. Så ned den bratte sørsida aust for Stordalane. Så bratt opp austryggen til Dalaknuten. Turkart oppgir 1027 m, mens ØK oppgir 1023,4 m på toppen. Retur på skrå ned aust-nordaustover frå toppen, og kom ned til austsida av den minste tjørna nederst i Stordalane. Det er ikkje lett å sjå nedanfrå kor det er best å gå, men det er nokså greit med steinur og grasbakker. På kartet synes denne traseen med buktninger i høydekotene i området nordaust for toppen.
Gjekk vidare vestover mot Dalaskaret, og så ca 80 hm opp ei søraustvendt renne eg hadde sett meg ut frå eit utsiktspunkt vest på Dalaknuten. Denne renna baud på bratt klyving i det øverste partiet så vil ikkje anbefale det. Det er trulig mye betre å gå nordover opp Stordalane sjøl om det betyr mange fleire høydemeter.
Så vidare på snaufjellet vestover til eg kom inn på T-stien igjen ved Heimra Brudlitjørna. Då var det allerede blitt såpass mørkt at eg brukte lykt på resten av turen ned til utgangspunktet.

Grusvegen eg fulgte opp frå Lysevegen/ Nilsebuvegen.
Grusvegen eg fulgte opp frå Lysevegen/ Nilsebuvegen.
Stien fortsetter austover der grusvegen slutter.
Stien fortsetter austover der grusvegen slutter.
Utydeligere sti, men lettgått terreng i høyden.
Utydeligere sti, men lettgått terreng i høyden.
Dalaknuten kjem til syne.
Dalaknuten kjem til syne.
Oppe på 1096-toppen med utsikt nordvest mot Lysekammen 1304.
Oppe på 1096-toppen med utsikt nordvest mot Lysekammen 1304.
Austover mot 1110-toppen i bakgrunnen.
Austover mot 1110-toppen i bakgrunnen.
På 1110-toppen mot Lysekammen i bakgrunnen.
På 1110-toppen mot Lysekammen i bakgrunnen.
Trigpunktet 1109 med jernbolt litt sør for 1110-punktet.
Trigpunktet 1109 med jernbolt litt sør for 1110-punktet.
Utsikt nordaustover.
Utsikt nordaustover.
Søraustover mot Hilleknuten 1209 i det fjerne.
Søraustover mot Hilleknuten 1209 i det fjerne.
Sør-sørvest mot Vardefjellet 1106 med Sinneskula 1188 bak.
Sør-sørvest mot Vardefjellet 1106 med Sinneskula 1188 bak.
Sørvest mot Dalaknuten midt i bildet og litt av Lysefjorden t.h.
Sørvest mot Dalaknuten midt i bildet og litt av Lysefjorden t.h.
På veg ned Stordalane med austryggen av Dalaknuten t.h. og Vardefjellet i midten bak.
På veg ned Stordalane med austryggen av Dalaknuten t.h. og Vardefjellet i midten bak.
Gjekk opp austryggen til Dalaknuten via det brune feltet midt i bildet.
Gjekk opp austryggen til Dalaknuten via det brune feltet midt i bildet.
På toppen av Dalaknuten med utsikt mot 1110-toppen i midten bak.
På toppen av Dalaknuten med utsikt mot 1110-toppen i midten bak.
På eit vestlig utsiktspunkt på Dalaknuten med sjølve toppen i bakgrunnen.
På eit vestlig utsiktspunkt på Dalaknuten med sjølve toppen i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.