Dalaknuten (16.10.2020)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Dalaknuten (1,023m) | 16.10.2020 |
---|---|---|
Nord for Stordalane (1,096m) | 16.10.2020 | |
Sør for Vaulatjørnane (1,110m) | 16.10.2020 |
Begynte å gå nede frå vegen på grusveg og turskilt mot Jenafjell og Skinnveien. Denne vegen har god standard og ingen bom så kunne spart 120 hm med å kjørt opp. Fortsatte så på stien vidare oppover. Stien til Jenafjell er ein avstikker frå Skinnvegen, men den får eg ha til gode til ein seinare anledning i kombinasjon med Godliknuten.
Fulgte Skinnvegen opp til Brudlitjørnane og gjekk så opp fjellryggen til dei namnlause toppane 1096 og 1110. Så ned den bratte sørsida aust for Stordalane. Så bratt opp austryggen til Dalaknuten. Turkart oppgir 1027 m, mens ØK oppgir 1023,4 m på toppen. Retur på skrå ned aust-nordaustover frå toppen, og kom ned til austsida av den minste tjørna nederst i Stordalane. Det er ikkje lett å sjå nedanfrå kor det er best å gå, men det er nokså greit med steinur og grasbakker. På kartet synes denne traseen med buktninger i høydekotene i området nordaust for toppen.
Gjekk vidare vestover mot Dalaskaret, og så ca 80 hm opp ei søraustvendt renne eg hadde sett meg ut frå eit utsiktspunkt vest på Dalaknuten. Denne renna baud på bratt klyving i det øverste partiet så vil ikkje anbefale det. Det er trulig mye betre å gå nordover opp Stordalane sjøl om det betyr mange fleire høydemeter.
Så vidare på snaufjellet vestover til eg kom inn på T-stien igjen ved Heimra Brudlitjørna. Då var det allerede blitt såpass mørkt at eg brukte lykt på resten av turen ned til utgangspunktet.
User comments