Fire turar sør i Stor-Elvdal (17.10.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Veslehorta (779m) | 17.10.2020 12:41 |
---|---|---|
Hovdsjøfjellet (957m) | 17.10.2020 14:04 | |
Vesle Hovdsjøfjellet (876m) | 17.10.2020 15:18 | |
Kletten (473m) | 17.10.2020 16:20 | |
Visits of other PBEs | Strandsetervegen (240m) | 17.10.2020 |
Fire turar i Stor-Elvdal. Vi køyrde inn bomvegen til Strandsetra ved Strand kyrkje. Til første tur tok vi av vegen som går rett nordover like nedunder 500moh. Rett før Kroksetervegen var det stengt med bom, men heldigvis var han ikkje låst. Så vi fekk køyrt nedover, og innover mot Veslehorta.
Vi parkerte i vegkanten, og gjekk litt på vegen før vi gjekk gjennom skogen opp til Veslehorta. Bratt skog opp, men fin utsikt på toppen, og ein liten trekonstruksjon. Same veg ned.
Etter turen køyrde vi attende til Stransetervegen, og opp til Opphussetra. Derifrå gjekk vi litt på hytteveg, og så på godt råk til Hovdsjøfjellet. Oppe på Hovdsjøfjellet gjekk vi ut eit utsiktspunkt litt aust for toppen. Veldig flott utsikt på denne toppen.
Den tredje turen gjekk til Vesle Hovdsjøfjellet. Godt råk til toppen frå bilvegen. Flott utsikt der og.
Siste tur for dagen vart den kortaste. Vi køyrde ned at til riksvegen, og tok av like før kommunegrensa til Åmot. Kletten var målet, og bilvegen gjekk nesten heilt opp. Veldig kort tur, og ingen utsikt på toppen.
User comments