Fire turar sør i Stor-Elvdal (17.10.2020)

Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Turtype Fjelltur
GPS
Bestigninger Veslehorta (779moh) 17.10.2020 12:41
Hovdsjøfjellet (957moh) 17.10.2020 14:04
Vesle Hovdsjøfjellet (876moh) 17.10.2020 15:18
Kletten (473moh) 17.10.2020 16:20
Andre besøkte PBE'er Strandsetervegen (240moh) 17.10.2020

Fire turar i Stor-Elvdal. Vi køyrde inn bomvegen til Strandsetra ved Strand kyrkje. Til første tur tok vi av vegen som går rett nordover like nedunder 500moh. Rett før Kroksetervegen var det stengt med bom, men heldigvis var han ikkje låst. Så vi fekk køyrt nedover, og innover mot Veslehorta.

Kristine på Veslehorta
Kristine på Veslehorta
Mot Stor-Horta frå Veslehorta
Mot Stor-Horta frå Veslehorta

Vi parkerte i vegkanten, og gjekk litt på vegen før vi gjekk gjennom skogen opp til Veslehorta. Bratt skog opp, men fin utsikt på toppen, og ein liten trekonstruksjon. Same veg ned.

Mot Hovdsjøfjellet frå Veslehorta
Mot Hovdsjøfjellet frå Veslehorta
Opp mot Veslehorta
Opp mot Veslehorta
Råket til Hovdsjøfjellet
Råket til Hovdsjøfjellet
Oppover mot Hovdsjøfjellet
Oppover mot Hovdsjøfjellet

Etter turen køyrde vi attende til Stransetervegen, og opp til Opphussetra. Derifrå gjekk vi litt på hytteveg, og så på godt råk til Hovdsjøfjellet. Oppe på Hovdsjøfjellet gjekk vi ut eit utsiktspunkt litt aust for toppen. Veldig flott utsikt på denne toppen.

Mot toppen på Hovdsjøfjellet frå det austre utsiktspunktet
Mot toppen på Hovdsjøfjellet frå det austre utsiktspunktet
Utover Østerdalen frå utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Utover Østerdalen frå utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Kristine på utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Kristine på utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Utover Østerdalen frå utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Utover Østerdalen frå utsiktspunktet på Hovdsjøfjellet
Toppvarden på Hovdsjøfjellet
Toppvarden på Hovdsjøfjellet
Storhovden frå Hovdsjøfjellet
Storhovden frå Hovdsjøfjellet

Den tredje turen gjekk til Vesle Hovdsjøfjellet. Godt råk til toppen frå bilvegen. Flott utsikt der og.

Mot Vesle Hovdsjøfjellet
Mot Vesle Hovdsjøfjellet
Hodsjøfjellet frå Vesle Hovdsjøfjellet
Hodsjøfjellet frå Vesle Hovdsjøfjellet
Kristine på Vesle Hovdsjøfjellet
Kristine på Vesle Hovdsjøfjellet
Varden på Vesle Hovdsjøfjellet
Varden på Vesle Hovdsjøfjellet

Siste tur for dagen vart den kortaste. Vi køyrde ned at til riksvegen, og tok av like før kommunegrensa til Åmot. Kletten var målet, og bilvegen gjekk nesten heilt opp. Veldig kort tur, og ingen utsikt på toppen.

På Kletten
På Kletten
På Kletten
På Kletten

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.