Sogndal: Vikaeggene og Skjerdingane (16.08.2020)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Frudalstunnellen (520m)
Endpoint Frudalstunnellen (520m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 08min
Distance 16.3km
Vertical meters 1,417m
GPS
Ascents Skjerdingane V1 (1,433m) 16.08.2020
Skjerdingane Øst (1,520m) 16.08.2020
Vikaeggene (1,602m) 16.08.2020

Sogn og Fjordane pf 100 654/1158

Ein veldig flott rundtur til to toppar det etter mitt syn er heilt naturleg å besøke på same tur.
  • God og stor parkeringsplass ved Frudalstunnellen.
  • Sti over tunnellopninga og vidare heilt inn i Frudalsbotnen. Der blir den litt svakare opp bratta mot vatnet. Ein kjetting er lagt ut eit parti, men det er ikkje vanskeleg. Nord for vatnet er det dyretrakk som er greitt å følgje til vasskiljet. Frå vasskiljet lett oppover sva og ur til toppen.
  • Den sørlege toppen er høgast, ca 2 meter høgare enn nordtoppen målt med GPS. Markør er flytta dit. Breen eksisterer ikkje lenger på toppunkta så namnet Vikaeggene som primærnamn verker rettare. Om ein zoomar litt inn på kartet ser ein både sørtoppen som høgast og Vikaeggene som namn.
  • Ryggen mot Skjerdingane høgste topp er fin å gå, nokre svake gamle dyretrakk viser delvis vegen. Det er ganske bratt ned til og opp frå lavaste punkt, men ikkje noko krevande klyving.
  • Ryggen nordover frå Skjerdingane er bratt. Men her er greitt å gå opp/ned. Sjå GPS-spor. Når ein er ferdig med sjølve ryggen er der nokre stygge svaparti ned mot dalbotnen. Ca 1000 meters høgde, viser på sporet. Her måtte vi ta ei slyngemot venstre, oppi dalen igjen.
  • Både Tungeelvi og Botnaelvi må vadast. Vi trakka over med skoa på. Det er innteikna sti på sørsida av elva som GPS-sporet viser at vi har kryssa. Men denne stien la vi ikkje merke til. Om ein vil returnere på sørsida kan ein krysse elva på bru ved parkeringa. Bru over Frudalselvi
Frå Vikaeggene nordover mot Jostedalsbreen
Frå Vikaeggene nordover mot Jostedalsbreen
Torleiv på Vikaeggene høgste punkt
Torleiv på Vikaeggene høgste punkt
Frå Skjerdingane
Frå Skjerdingane
Torleiv på Skjerdingane
Torleiv på Skjerdingane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.