Ein veldig flott rundtur til to toppar det etter mitt syn er heilt naturleg å besøke på same tur.
God og stor parkeringsplass ved Frudalstunnellen.
Sti over tunnellopninga og vidare heilt inn i Frudalsbotnen. Der blir den litt svakare opp bratta mot vatnet. Ein kjetting er lagt ut eit parti, men det er ikkje vanskeleg. Nord for vatnet er det dyretrakk som er greitt å følgje til vasskiljet. Frå vasskiljet lett oppover sva og ur til toppen.
Den sørlege toppen er høgast, ca 2 meter høgare enn nordtoppen målt med GPS. Markør er flytta dit. Breen eksisterer ikkje lenger på toppunkta så namnet Vikaeggene som primærnamn verker rettare. Om ein zoomar litt inn på kartet ser ein både sørtoppen som høgast og Vikaeggene som namn.
Ryggen mot Skjerdingane høgste topp er fin å gå, nokre svake gamle dyretrakk viser delvis vegen. Det er ganske bratt ned til og opp frå lavaste punkt, men ikkje noko krevande klyving.
Ryggen nordover frå Skjerdingane er bratt. Men her er greitt å gå opp/ned. Sjå GPS-spor. Når ein er ferdig med sjølve ryggen er der nokre stygge svaparti ned mot dalbotnen. Ca 1000 meters høgde, viser på sporet. Her måtte vi ta ei slyngemot venstre, oppi dalen igjen.
Både Tungeelvi og Botnaelvi må vadast. Vi trakka over med skoa på. Det er innteikna sti på sørsida av elva som GPS-sporet viser at vi har kryssa. Men denne stien la vi ikkje merke til. Om ein vil returnere på sørsida kan ein krysse elva på bru ved parkeringa. Bru over Frudalselvi
Benutzerkommentare