Bar med ski og gjekk på grusveg mot Veiåstøylen som var stengt med kjetting. Kunne ta på ski på ca 840 moh, og gjekk via vestsida av Lomstjørn opp mot Slarvedalen, 1225-toppen og Regnådalsheii. Vidare sørover til Hågeheii, Kjelkebrokkheii og Undermigheii. Litt meir skyer denne dagen enn dei foregåande dagane. Værvarslet gjekk ut på utrykt for enkelte regnbøyer i Agder og Telemark så eg rekna med det skulle gå greit. Det tjukna til i søraust og haurte fleire tordenskrall på veg til Undermigheii. Denne toppen viser seg nå å vere hårfint under pf 100 etter at ØK har fått 1 m-koter. På retur nordover kom uværet over meg og flerie lyn blei etterfulgt av tordenbak etter bare 2-3 sekunder. Snaut 1 km unna altså. Ingen dramatikk, men var ikkje høg i hatten mens det stod på. Regn kom det sjølsagt og i rikt monn så eg blei gjennomblaut, men det var ganske mildt. Blei etter kvert kald på hendene, men hadde heldigvis votter med meg. Hadde flaks med logistikken så eg slapp å gå oppom topper mens det tordna rundt meg. Det varte ca 1,5 t mens eg gjekk mellom Røyrvatnet og Slarvedalen. Gjekk då over 1241-toppen (trigpunktet på 1233 m er klart lågare), og vidare nordover til Osefjellet. Så vestover til Løyningsheii. Samanhengande snø på nordsida her og ned til Hommen. Rant eit stykke ned vestsida frå Hommen før det blei skibæring resten av turen.
User comments