Reistadåsen på veg heim til Oslo (21.06.2020)
Written by bakken59
Ascents | Reistadåsen (334m) | 21.06.2020 |
---|---|---|
Reistadåsen utkikkspunkt (293m) | 21.06.2020 |
På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.
User comments