Varingskollen vakker maidag (20.05.2020)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 2h 00min
Distance 6.6km
Vertical meters 394m
GPS
Ascents Varingskollen (546m) 20.05.2020

Veit ikkje kvifor heilt, men denne turen begeistra meg rett og slett. Kombinasjon av fleire faktorar. Køyrde til Varingskollen p-plass, og valde å gå Kariløypa oppover etter tips frå kjentmann. Hovedløypa var delvis snødekt, og sjølv om eg såg ein kar oppi der, såg det litt kronglute ut å krysse snøfelta. Kariløypa var heilt bar og fin å gå. Eg fekk to telefonar midt i bakken, og med to stopp for dei i løypa brukte eg 40 minutt opp. Ganske dryg stigning. Nydeleg vêr, første gong med t-skjorte i år. Toppunktet var heil supert med vid utsikt i alle retningar. Hadde ein liten tanke i hovudet at eg skulle greie Glotjernshøgda også, men då eg kom ned på dei store myrane, og såg skiltet med 4,5 km til Holmetjern, skjønte eg at det var urealistisk gitt tida eg hadde til rådvelde. Så eg tok den merkte rundturen rundt Varingskollen mot nord. Heilt utruleg nydeleg: fuglesang, vårvegetasjon, kjempemaurtuer og vakker skogbotn. Ei estetisk oppleving. Tulla og gjekk mot feil raud bil nede ved alpinsenteret. Måtte sjekke gps-sporet for å finne startpunktet att. 6,6 km, 394 hm, knappe to timar. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.