Børrenøse og Vardhovtinden på Filefjell (17.04.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Børrenøse (1,297m) | 17.04.2020 16:40 |
---|---|---|
Vardhovdtinden (1,456m) | 17.04.2020 18:04 | |
Nord for Røtjernet (1,181m) | 17.04.2020 18:57 |
Tur etter jobb. Vi parkerte ved Grovstølen. Derifrå gjekk vi nokre meter på bilveg før vi tok på langrennskia, og gjekk i terrenget oppover. Vi følgde litt de ukøyrde skiløypa, før vi gjekk meir rett mot Børrenøse.
Fantastisk vêr, og nesten vindstille. Strålande flott utsikt frå Børrenøse.
Vi hadde vurdert toppturski, men trudde det ville bli langt og litt for flatt mellom Børrenøse og Vardhovdtinden. Det var ein god vurdering, langrennsski var heilt perfekt for denne turen.
Det var litt kupert til å byrje med ved Tenlefjorden, før det vart slag stigning oppover vidda mot Vardhovdtinden.
Vi satt fra oss skiane like før 1400moh, og gjekk den siste bratta opp til toppen på føttane.
Litt meir disig vêr her, men framleis veldig bra utsikt.
Returen la vi litt annleis, og vi fekk oppretta den vesle toppen "Nord for Røtjernet", før vi sklei ned at til bilen.
Ein veldig fin eftastur.
User comments