Børrenøse og Vardhovtinden på Filefjell (17.04.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Characteristic Cross-country skiing
Duration 3h 34min
Distance 15.4km
Vertical meters 804m
GPS
Ascents Børrenøse (1,297m) 17.04.2020 16:40
Vardhovdtinden (1,456m) 17.04.2020 18:04
Nord for Røtjernet (1,181m) 17.04.2020 18:57
Liten rast tidleg på turen
Liten rast tidleg på turen
Hurrungane frå Børrenøse
Hurrungane frå Børrenøse

Tur etter jobb. Vi parkerte ved Grovstølen. Derifrå gjekk vi nokre meter på bilveg før vi tok på langrennskia, og gjekk i terrenget oppover. Vi følgde litt de ukøyrde skiløypa, før vi gjekk meir rett mot Børrenøse.
Fantastisk vêr, og nesten vindstille. Strålande flott utsikt frå Børrenøse.

Vi hadde vurdert toppturski, men trudde det ville bli langt og litt for flatt mellom Børrenøse og Vardhovdtinden. Det var ein god vurdering, langrennsski var heilt perfekt for denne turen.
Det var litt kupert til å byrje med ved Tenlefjorden, før det vart slag stigning oppover vidda mot Vardhovdtinden.
Vi satt fra oss skiane like før 1400moh, og gjekk den siste bratta opp til toppen på føttane.
Litt meir disig vêr her, men framleis veldig bra utsikt.

Returen la vi litt annleis, og vi fekk oppretta den vesle toppen "Nord for Røtjernet", før vi sklei ned at til bilen.
Ein veldig fin eftastur.

På Børrenøse
På Børrenøse
Sulefjellet og Suletinden frå Børrenøse
Sulefjellet og Suletinden frå Børrenøse
Vardhovdtinden frå litt nedunder Børrenøse
Vardhovdtinden frå litt nedunder Børrenøse
På veg mot Vardhovdtinden
På veg mot Vardhovdtinden
På Vardhovdtinden
På Vardhovdtinden
Suletinden frå Vardhovdtinden
Suletinden frå Vardhovdtinden
Skutshorn frå Vardhovdtinden
Skutshorn frå Vardhovdtinden
På Vardhovdtinden
På Vardhovdtinden
På Nord for Røtjernet
På Nord for Røtjernet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.