Skitur på Valdresflya (26.10.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Fisketjernnuten (1,527m) | 26.10.2019 13:17 |
---|---|---|
Øystre Fagerdalshøe (1,504m) | 26.10.2019 14:34 |
Valdresflya leverte skare og stein til vinterens fyste skitur.
På bilturen innover var vi i tvil om det skulle bli skiføre, men på om lag 1300moh byrja det å liggje litt snø. Vi parkerte rett sør for Valdresflye Vandrarhjem. Derifrå gjekk vi opp på Fisketjernnuten. Det var to andre som kom på toppen rett før oss, dei gjekk på føtene. Flott utsikt på toppen mot Jotuntoppane. Skiføret ned frå Fisketjernnuten var så som så, skare og ein del stein.
Det var nokon som dreiv med kiting nede på flya, og eit par til som gjekk på ski, elles var det ikkje så mykje aktivitet og sjå. Vidda over mot Øystre Fagerdalshøe virka lang, mykje på grunn av ein del motvind. Oppover mot Fagerdalshøe satt vi frå oss skia tidleg, på om lag 1350moh. Derifrå gjekk vi på beina opp til toppen, litt glatt føre.
User comments
Takk for
Written by Olepetter 27.10.2019 08:41denne rapporten! Nå veit jeg hvor jeg skal dra på tur i dag!