Borgund stavkykje med meir (01.10.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Tjernsvehaugen (643m) | 01.10.2019 11:54 |
---|---|---|
Klantenovi (593m) | 01.10.2019 16:55 | |
Visits of other PBEs | Tjernsvehaugen p-lomme (627m) | 01.10.2019 11:51 |
Borgund stavkyrkje (400m) | 01.10.2019 16:27 | |
Vindhelleveien | 01.10.2019 17:19 |
Etter ein overnatting i Stange satt vi kursen mot vestlandet. Vi skal vitje Mari og familien på Askøy, men fyst skal vi ha nokre dagar på hotell i Myrkdalen i Voss. Det er ein lang biltur frå Stange til Voss, så det vart nokon stopp undervegs.
Den fyste stoppen vart av det korte slaget. På vegen mellom Gjøvik og Dokka køyrde vi inn til Tjernsvehaugen. Frå parkeringa gjekk vi 15 høgdemeter og 200 meter til toppen. Ingen utsikt på toppen.
Så vart det to stopp i Valdres, før vi køyrde frå Slidre mot Myrkdalen. Da vart det stopp i Borgund. Der såg vi fyst på den flotte stavkyrkja, før vi gjekk opp på Klantenovi. Vi gjekk litt i terrenget, men mest på råk. På veg ned til bilen gjekk vi bortom vestsida av Vindhellevegen, og såg på den fantastiske vegen dei bygde på 1800-talet.
Etter stoppet bar det vidare til Myrkdalen Hotell, og trerettars middag.
User comments