Flott tur opp til vakre Målandsheia frå Målandsdalen. Start frå Rv. 13 ved Boremyr og bratt opp traktorvegen på snaue 40 min. Så ein time over myrer og lynghei til topps på alltid like flotte Vardhusheia, med rundskue over den indre Jørpelandsheia. Såg bl.a. ein gråkledd hare i firsprang og ein del molte, endåtil nokre etande. Vidare ned til utløpet av Brogavatnet og bratt opp på Husaheia, der det vart ein matbit. Så over Prammafjellet og ned til Gamlestølstjødna, der eg følgte spor etter ATV og så ein grovare anleggsveg ned til traktorvegen att. Snaue 4 timar på tur i perlever, bare synd at eg glømte badebukse!
User comments