Møysalen (12.07.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 10h 33min
Distance 21.9km
Vertical meters 1,789m
GPS
Ascents Møysalen (1,263m) 12.07.2019 16:31
Sørvest for Forselvtinden (565m) 12.07.2019 20:48
Visits of other PBEs Ingelsfjorden parkering (20m) 12.07.2019 11:57

Møysalen er eit av dei fjella Kristine og eg har hatt mest lyst på medan vi har budd i Nord-Norge, no var dagen her. Vi køyrde frå Lødingen i elleve-tida i skya og grått vêr. Ved Ingelsfjorden parkering hadde vêret betra seg, og vi pakka tursekkane våre. Alt snøutstyr la vi att i bilen etter å ha høyrd med Peakbook-brukar Hawkeye om naudsynet av det, som hadde vore der nokre dagar før oss.

Vi viste det var ein lang tur, men var usikre på korleis terrenget innover var. Den fyste biten att med Storvatnet var litt kjedeleg, men innover Forkedalen var det frodig og utruleg flott. Skikkeleg fint å gå innover der, det var også godt tilrettelagt med klopper, og råket var veldig bra og godt merka.

Like før breen nådde vi att eit eldre, utanlandsk par, som må ha snudd like etterpå. Dei virka misfornøgde med den store snømengda innover. Det var noko snø i mellom vatnet på 390moh og ned til vatnet 328moh. Også over bekkedalen nedunder vatn 591moh var det mykje snø, og oppover mot breen. Men snøen var fin å gå i for godt skodde og turvande folk.

Vi gjekk snøen på oversida av breen, før vi gjekk ryggen oppover mot Møysalen. På ryggen møtte vi tre karer, ein nordmann og to utlendingar, vi hadde ein hyggeleg prat med dei, før vi gjekk til toppen. Dei siste 100 høgdemetrane var det igjen snø, men han var mjuk og fin å gå på.

Oppe på toppen var det heilt vindstille, og sola strålte. Det var riktig varmt og godt, så vi vart sittande der i over to timer. Utsikta var heilt upåklageleg. Mot vest låg havskodda tett, så berre dei høgaste toppane kom over skyene. Mot aust var det ikkje skodde, så der såg vi meir. Medan det satt på toppen, kom det ein kar til opp, så vi hadde ein lang og hyggeleg samtale med han, før han gjekk i vegen ned att.

På veg attende til bilen vart vi einige om å ta med den litt anonyme Sørvest for Forselvtinden. Det var ein grei topp å gå oppom. Fin utsikt frå toppen, og vi fekk bygd ein liten varde.

Like etter vi passerte vatn 390moh møtte vi sju svenske karer som skulle på telttur, og lette etter eit vatn og overnatte ved.

Ein kolossalt flott tur til ein flott topp!

Godt tilrettelagt råk, og flott natur innover Forkledalen
Godt tilrettelagt råk, og flott natur innover Forkledalen
Attende Forkledalen
Attende Forkledalen
Opp mot Sørvest for Forselvtinden
Opp mot Sørvest for Forselvtinden
Vatn 390moh
Vatn 390moh
Sørvest for Forselvtinden frå vatn 328moh
Sørvest for Forselvtinden frå vatn 328moh
Vatn 328moh
Vatn 328moh
Vatn 328moh og Forselvtinden
Vatn 328moh og Forselvtinden
Vatn 328moh og Forselvtinden
Vatn 328moh og Forselvtinden
Møysalen og Møyane dukkar opp
Møysalen og Møyane dukkar opp
Møysalen og Møyane
Møysalen og Møyane
Spisse tinder i Vesterålen
Spisse tinder i Vesterålen
Møysalen og Møyane
Møysalen og Møyane
Blomar på ryggen mot Møysalen
Blomar på ryggen mot Møysalen
Dei siste 100 høgdemetrane til toppen
Dei siste 100 høgdemetrane til toppen
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder i Lødingen
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder i Lødingen
Utsikt frå Møysalen; rundere tinder i Lødingen
Utsikt frå Møysalen; rundere tinder i Lødingen
Utsikt frå Møysalen; tåkehavet vestover, Reinspælen i Kvæfjord høgaste topp i bilde
Utsikt frå Møysalen; tåkehavet vestover, Reinspælen i Kvæfjord høgaste topp i bilde
Utsikt frå Møysalen; tåkehavet vestover
Utsikt frå Møysalen; tåkehavet vestover
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder sørover, skodda ligg tjukk mot vest
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder sørover, skodda ligg tjukk mot vest
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder sørover
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder sørover
Utsikt frå Møysalen; mot Lofoten
Utsikt frå Møysalen; mot Lofoten
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder i Hadsel og Lødingen
Utsikt frå Møysalen; spisse tinder i Hadsel og Lødingen
Utsikt frå Møysalen; Møyane
Utsikt frå Møysalen; Møyane
Dei flotte Møyane frå nedunder Møysalen
Dei flotte Møyane frå nedunder Møysalen
Opp mot Sørvest for Forselvtinden
Opp mot Sørvest for Forselvtinden
Sørvest for Forselvtinden, Møyen bak
Sørvest for Forselvtinden, Møyen bak
Sørvest for Forselvtinden, Forselvtinden bak
Sørvest for Forselvtinden, Forselvtinden bak
Sørvest for Forselvtinden, Forkledalstinden ses gjennom varden
Sørvest for Forselvtinden, Forkledalstinden ses gjennom varden
Sørvest for Forselvtinden, mot Durmålstindan og Sebortinden
Sørvest for Forselvtinden, mot Durmålstindan og Sebortinden