Kistefjellet (01.07.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Sør for Steinfjellet (446m) | 01.07.2019 14:07 |
---|---|---|
Kistefjellet (1,003m) | 01.07.2019 15:39 | |
Kvittinden (933m) | 01.07.2019 16:24 | |
Visits of other PBEs | Finnsnes (0m) | 01.07.2019 13:13 |
Milsteinsbua (630m) | 01.07.2019 14:49 |
Etter god frukost og ein hyggeleg morgon hos Jorunn på Senja drog vi på tur. Vêrmeldinga spådde overskya, litt regn, men lite vind. Kistefjellet med bilveg opp til toppen virka som ein grei tur når vêret ikkje var på sitt beste. Det starta temmeleg bra, det var overskya, men ikkje vind eller regn. Da vi kom opp i mellom Kistefjellet og Kvittinden kom diverre skodda, og vi hadde ikkje sikt før vi var nede på om lag 700moh, nedunder Kvittinden.
Vegen var grei å gå, litt laust nokon stader etter trakkemaskina som køyrde forbi oss, og det var litt snø i høgda som var tung å gå i. Fint terreng opp til Kvittinden, men litt glatt på steinane. Ned frå Kvittinden hadde vi på veg opp sett nokre snørenner som såg fine ut, men dei var vanskelege å finne i den dårlege sikta. Men vi fann snøen, og kunne gli nesten heilt frå 800moh til 600moh.
Langdrygt attende til bilen. Men ein fin tur i litt dårleg vêr.
User comments