Tur til vesterålen: Tre turar i Bø (07.06.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

GPS
Ascents Kråkbergfjellet (134m) 07.06.2019 11:02
Trehyrna (620m) 07.06.2019 14:36
Gjenden (485m) 07.06.2019 18:11
Høggjenden (578m) 07.06.2019 18:35
Storskata (332m) 07.06.2019 20:18
Visits of other PBEs Sandvikhalsen p-plass (70m) 07.06.2019 13:10

Turen på Kråkbergfjellet

1,3 km - 106 hm - 29 min
1,3 km - 106 hm - 29 min
På veg oppover mot toppen
På veg oppover mot toppen

Dag tre i Vesterålen. Vi vakna opp i bilen til fint vêr, men det var spådd at det skulle bli dårleg på føremiddagen, før det skulle bli betre att utover ettermiddagen.

Vi byrja dagen med ein kort tur opp på Kråkbergfjellet. Vi parkerte på ein liten lomme på nedsida av vegen, før vi gjekk litt bortover vegen til råket. Råket var tydeleg og fint heilt opp til toppen. Vêret var varmt, men det vart litt overskya medan vi gjekk, og nokre få meter før vi var i bilen kom dei fyste regndråpane.

Turen på Trehyrna

4,1 km - 614 hm - 2 t 39 min
4,1 km - 614 hm - 2 t 39 min
Toppen frå parkeringa
Toppen frå parkeringa

Vi vart einige om å ta Trehyrna som neste tur, men å vente til vêret betra seg. Vi stoppa lengje på matbutikken som låg på veg mot Trehyrna. Da vêret endeleg såg ut til å bli betre, drog vi i vegen. Frå parkeringa gjekk det godt råk ned til Trehyrnvatnet. Råket derifrå var også bra, men det var ikkje lett å sjå kor det tok av frå vatnet, og på kartet var det teikna inn feil. Da vart det litt krattgang før vi kom inn på råket att. Det kom sjølvsagt også eit par regnskurer tidleg på turen, før vêret endeleg betra seg.

På veg oppover råket i bekkedalen møtte vi ein hyggeleg, lokal mann, den einaste personen vi møtte på turane denne dagen. I oppstigninga etter bekkedalen var det bra varding oppover. Flott utsikt på toppen. Ned at gjekk vi litt feil, det såg ut som om det gjekk råk både der vi hadde gått opp men også lenger bort. Der vi gjekk ned var det bra lengje, før vi kom bort i meir kratt. Fant raskt tilbake til råket, og følgde det resten av turen. Ein flott tur.

Turen på Høggjenden og Storskata

6,9 km - 771 hm - 4 t 2 min
6,9 km - 771 hm - 4 t 2 min
På toppen
På toppen

Dagens siste tur gjekk til Høggjenden og Storskata. På kartet såg vi to moglege startstader, og vi val Skoglund.

Råka som var teikna inn fann vi ikkje, men nokre plasser var det svake saueråk, elles gjekk vi i terrenget heilt opp til Høggjenden. Det var heilt greitt over 300moh, men ein del kratt under.

På veg ned gjekk vi oppom Storskata, dit opp var det bra råk. Vi kunne følgje bra råk heilt ned til traktorvegen. Ein flott, men tung tur.

Bilder frå turen på Kråkbergfjellet

Kristine på toppen av Kråkbergfjellet, med gårdagens toppar bak
Kristine på toppen av Kråkbergfjellet, med gårdagens toppar bak
Storskata
Storskata
Høggjenden
Høggjenden
Ramnåsen, med Burnestinden bak
Ramnåsen, med Burnestinden bak
Mot Skalltuva
Mot Skalltuva
Mot toppar i Bø. Pikstauren til venstre med tydeleg snørenne
Mot toppar i Bø. Pikstauren til venstre med tydeleg snørenne

Bilder frå turen på Trehyrna

Kristine på toppen av Trehyrna
Kristine på toppen av Trehyrna
Kristine på toppen av Trehyrna
Kristine på toppen av Trehyrna
Bufjellet frå Trehyrna
Bufjellet frå Trehyrna
Selvågtinden, Vindhamran og Keipen foran Høggjenden og tinderekka vi var på dagen før
Selvågtinden, Vindhamran og Keipen foran Høggjenden og tinderekka vi var på dagen før
Keipen og Urtinden foran Høggjenden og Storskata
Keipen og Urtinden foran Høggjenden og Storskata
Trehyrna og Trehyrnvatnet
Trehyrna og Trehyrnvatnet

Bilder frå turen på Høggjenden og Storskata

På 94moh. Utsikt mot Kråkbergfjellet
På 94moh. Utsikt mot Kråkbergfjellet
Kristine på Gjenden
Kristine på Gjenden
Høggjenden frå Gjenden
Høggjenden frå Gjenden
Burnestinden og Trehyrna frå Gjenden
Burnestinden og Trehyrna frå Gjenden
Gjenden
Gjenden
Burnestinden frå Høggjenden
Burnestinden frå Høggjenden
Trehyrna frå Høggjenden
Trehyrna frå Høggjenden
Spikartinden og Kvanntotinden frå Høggjenden
Spikartinden og Kvanntotinden frå Høggjenden
På Høggjenden
På Høggjenden
Storskata. Skata, eller Litle-Skata, til høgre
Storskata. Skata, eller Litle-Skata, til høgre
Storskata
Storskata
Storskata
Storskata

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.