Tur til vesterålen: Tre turar i Bø (07.06.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Kråkbergfjellet (134moh) | 07.06.2019 11:02 |
---|---|---|
Trehyrna (620moh) | 07.06.2019 14:36 | |
Gjenden (485moh) | 07.06.2019 18:11 | |
Høggjenden (578moh) | 07.06.2019 18:35 | |
Storskata (332moh) | 07.06.2019 20:18 | |
Andre besøkte PBE'er | Sandvikhalsen p-plass (70moh) | 07.06.2019 13:10 |
Turen på Kråkbergfjellet
Dag tre i Vesterålen. Vi vakna opp i bilen til fint vêr, men det var spådd at det skulle bli dårleg på føremiddagen, før det skulle bli betre att utover ettermiddagen.
Vi byrja dagen med ein kort tur opp på Kråkbergfjellet. Vi parkerte på ein liten lomme på nedsida av vegen, før vi gjekk litt bortover vegen til råket. Råket var tydeleg og fint heilt opp til toppen. Vêret var varmt, men det vart litt overskya medan vi gjekk, og nokre få meter før vi var i bilen kom dei fyste regndråpane.
Turen på Trehyrna
Vi vart einige om å ta Trehyrna som neste tur, men å vente til vêret betra seg. Vi stoppa lengje på matbutikken som låg på veg mot Trehyrna. Da vêret endeleg såg ut til å bli betre, drog vi i vegen. Frå parkeringa gjekk det godt råk ned til Trehyrnvatnet. Råket derifrå var også bra, men det var ikkje lett å sjå kor det tok av frå vatnet, og på kartet var det teikna inn feil. Da vart det litt krattgang før vi kom inn på råket att. Det kom sjølvsagt også eit par regnskurer tidleg på turen, før vêret endeleg betra seg.
På veg oppover råket i bekkedalen møtte vi ein hyggeleg, lokal mann, den einaste personen vi møtte på turane denne dagen. I oppstigninga etter bekkedalen var det bra varding oppover. Flott utsikt på toppen. Ned at gjekk vi litt feil, det såg ut som om det gjekk råk både der vi hadde gått opp men også lenger bort. Der vi gjekk ned var det bra lengje, før vi kom bort i meir kratt. Fant raskt tilbake til råket, og følgde det resten av turen. Ein flott tur.
Turen på Høggjenden og Storskata
Dagens siste tur gjekk til Høggjenden og Storskata. På kartet såg vi to moglege startstader, og vi val Skoglund.
Råka som var teikna inn fann vi ikkje, men nokre plasser var det svake saueråk, elles gjekk vi i terrenget heilt opp til Høggjenden. Det var heilt greitt over 300moh, men ein del kratt under.
På veg ned gjekk vi oppom Storskata, dit opp var det bra råk. Vi kunne følgje bra råk heilt ned til traktorvegen. Ein flott, men tung tur.
Kommentarer