Tur til Vesterålen: Kvalsauktinden og Ånstadblåheia (05.06.2019)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Strandheia (647m) | 05.06.2019 13:43 |
---|---|---|
Kvalsauktinden (767m) | 05.06.2019 15:02 | |
Ånstadblåheia (503m) | 05.06.2019 18:41 | |
Visits of other PBEs | Osvoll parkeringsplass (20m) | 05.06.2019 12:25 |
Ånstadblåheia parkering (160m) | 05.06.2019 18:08 |
Strandheia og Kvalsauktinden
Tur til Vesterålen. Vi drog heimefrå til Osvoll like før Sortland. Der parkerte vi på fin parkeringsplass, og gjekk i vegen på god traktorveg mot Strandheia og Kvalsauktinden. Traktorvegen vart etter kvart til eit bra råk, som var litt vått nokre stader, pga. snøsmelting. Råket mellom Strandheia og Kvalsauktinden var også bra, men der låg det at ein del snø, sø vi gjekk litt utanom for å unngå snøen. Flott utsikt på båe toppane, og godt vêr.
Ånstadblåheia
Vi ynskja ein tur til før vi drog til overnattingsplassen. Valet fall på Ånstadblåheia, eit fjell med mange vindmøller. Vi parkerte på den nederste av dei to parkeringsplassane. Vi følgde godt råk oppover skitrekket. Her møtte vi ein del folk. Fin utsikt på toppen, men noko hemma av vindmøllene. Litt anna rute ned, men godt råk der og.
User comments