Parkerte veg vegdelet i sørenden av Djupadalsvatnet. Gjekk forbi bommen og etter 2-300 m inn på ein skogsveg opp til venstre og så ut i terrenget opp til Kollane. Vidare over ei myr og opp til Åsaheia i austsida. Her var det skogsveg som kom opp sørfrå, muligens frå Tøtland, som eg kunne følge eit stykke mot toppen. To toppunkt over 540 m, og trigpunktet er nok høgast.
Gjekk så bratt ned nordover til vegen mot Vormeland der eg på vegens høgaste punkt på snaut 400 moh gjekk ut i terrenget igjen nord- og vestover til Husaheia og Reppaheia. Høgaste punkt på Reppaheia er nok på ein eller annan knaus litt aust for trigpunktet og marginalt høgare enn 430m.
Så ned til dei trulig fråflytta gardane på Vormeland og fulgte så vegen tilbake mot Djupadalsvatnet med ein avstikker oppom Nordstølheia i skumringstimen. Høgaste punkt på 473 m var ein markert knaus som stikker opp av myra, og var også bortom trigpunktet på 471 m lenger nord.
Kommentarer