Svartafjell og Vidhovda frå Øklandsvegen (27.10.2018)
Written by Kaare_70
Ascents | Hovda (543m) | 27.10.2018 |
---|---|---|
Svartafjell (491m) | 27.10.2018 | |
Vidhovda (591m) | 27.10.2018 |
Makelaust fin vermelding for helga! Første turen for dagen gjekk frå ein grei P-plass ved Øklandsvegen til Svartafjell, og så til Vidhovda og sekundærtoppen Hovda. Først relativt tungt gjennom myr og gras til hovudtoppen av Svartafjell, med retur via eit anna toppunkt i vest.
Så frå bilen igjen og runda granskogen på sørsida av vegen og til topps på Vidhovda. Ei bratt urd under Hovda var einaste passasjen som krevde litt ekstra. Straks under toppen av Vidhovda såg eg ei vaksen kongeørn som sirkla over toppen; ho vart ikkje var meg før eg gav meg til kjenne. Ho laga ein særeigen lokkelyd som eg aldri har høyrt før. På toppen var det praktfull utsikt, og i ei livdakrå var det beint fram himmelsk å vera på tur. Men etter litt mat og drikke gjekk returen over Hovda i vest og tilbake til bilen.
User comments